Film
Landet der ingen skal mobba kameraten sin
Beskytteren fungerer godt som spelefilm. Verre er det at han kan henda fungerer endå betre som propagandafilm.
Dongyu Zhou i hovudrolla som mobbeofferet Chen Nian.
Foto: Wei Lun Wong / Another World Entertainment
Hendingane denne filmen er basert på, gjekk føre seg i Anqiao søraust for Beijing i 2011. Skuleflinke Chen Nian (D. Zhou) har ingen vener, men det går frå vondt til verre då ei i klassen tek livet av seg, og Wei Lai (Y. Zhou) og gjengen hennar ser seg om etter nytt mobbeoffer. Tilfelle fører til at Chen Nian slår seg saman med den småkriminelle Bei (Yee) som frå no held auga med henne.
Eller?
Kva skal ein meina om ein kinesisk film som omhandlar eit viktig tema, men tydeleg er laga som ein slags reklamefilm for kor flinkt regimet er til å motkjempa mobbing – i eit land der menneskerettar vert brotne over ein låg hæl? Og dette trong ikkje eingong vera noko eg trekte fram, hadde det ikkje vore for at akkurat i det rulleteksten skal starta, så kjem eit par minuttar rein statspropaganda som nesten får meg til å skvetta i setet.
Eg får kjensla av å vera ført bak lyset. For Beskytteren er elles ikkje eit glansbilete av Kina – eller? La meg berre ha det nemnt, iallfall, for med ein Oscar-nominasjon for beste utanlandske film, så er dette aldeles absurd, med tanke på ryktekvitvasking av ein nasjon. Det er mogleg eg overreagerer, men ved å ta inn den sluttsekvensen, vart plutseleg filmen både noko suspekt og ufarleggjort på ein døll måte. Og det er synd, for det er slett ingen dårleg film.
Underleg
Og det er ein særdeles vakker film, eller styggvakker, kanskje. Foto og klipp skal ha mykje av æra for at den ganske sjuskete byen Anqiao framstår så monumental trass i slum og betong. Det heile er neddyngt i eit tidvis unødvendig pompøst lydspor, noko som søtar den bitre handlinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.