Bok

Laber kjensle av feel good-roman

Ein kunne jo vente litt finesse mellom bokpermar. Om ikkje det blir oppfatta som keramisk flisespikkeri.

Yeon Somin er forfattar og frilans TV-manusforfattar.
Publisert

Jungmin er ein ung TV-manusforfattar, men møter veggen, blir utbrend, og livet hennar stoppar opp. Ho ser ikkje meining i noko, dinglar rundt etter beste evne. På jakt etter ein kopp kaffi i byen hamnar ho tilfeldigvis på ein keramikkverkstad, og derfrå handlar historia om korleis Jungmin kjem seg ut av uføret gjennom leiras velgjerande kraft.

Då Yeon Somins roman kom ut i Sør-Korea i 2023, blei han straks ein bestseljar. Boka er gitt ut i 24 land. Då eg gjekk i gang med lesinga, begynte eg å mistenke at dette ikkje hadde med oppsiktsvekkande litterære kvalitetar å gjere. Med fare for å låte hoven vil eg tru populariteten snarare dreier seg om det motstandslause i romanen. Her er ingen friksjon. Det kan vere forlokkande nok, om ein synest litteratur tidvis hevar seg over lesaren.

Mykje prat og varme

Handlinga er altså slik: Jungmin entrar ein fellesskap på keramikkverkstaden Soyo, blir kjent med folka der, som er i alle aldrar og har ulike bakgrunnar. Sakte, men sikkert blir ho opplært i kunsten å dreie og forme, og gjennom denne sosiale og faglege erfaringa frisknar ho til. Ho begynner å lage mat heime frå botnen av, sette pris på overraskande issmakar og god kaffi, ho ser verdien i selskap av ein katt: «Hun innså at ansvar var den beste kuren mot apati.»

Innimellom får vi tilbakeblikk til hendingar og relasjonar i Jungmins liv som skal forklare korleis ho er blitt som ho er i dag, og det gryr ei kjærleikshistorie, der vi forstår at ho skal komme til å overvinne tillitsproblema sine på grunn av denne eine, store kjærleiken. Ein som forstår henne, for ein gongs skuld (utan at ho framstår som særleg kompleks).

Stort meir handling er det ikkje, anna enn prat og kvardag og at alle har det så fint saman. Skildringa av gjengen er ikkje dårleg. Dei blir utstyrte med personlegdomar det er fint å bli kjend med. Forlaget legg sjølv ikkje skjul på at dette er feel good-litteratur, og som det funkar han vel greitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement