Bok

¿ Kvinna og mytane

Du skal ikkje tru det du trur du veit om Margaret Thatcher.

Margaret Thatcher saman med ektemannen Dennis i 1979, då ho var den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia.
Margaret Thatcher saman med ektemannen Dennis i 1979, då ho var den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia.Margaret Thatcher saman med ektemannen Dennis i 1979, då ho var den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Då Thatcher tok over som statsminister i Storbritannia i 1979, skjedde det noko merkeleg. Arbeidsløysa byrja å stiga frå eit høgt nivå til eit stadig høgre nivå. Storbritannia gjekk inn i ein resesjon. Men samstundes byrja realløningane til dei som framleis hadde arbeid, å stiga kraftig, og det samstundes som fagforeiningane fekk stadig dårlegare avtaler. Dette skal då ikkje skje etter teorien. Når det er stor arbeidsløyse, skal løningane stagnera sidan folk vert redde for å mista arbeidet.

Det handla om produktivitet. Då Thatcher tok over, var produktiviteten på om lag 60 prosent av Tysklands. Ein japansk stålarbeidar produserte noko sånt som fem gonger så mykje som ein britisk per skift. Då John Major tapte makta i 1997, hadde Storbritannias produktivitet kome opp på tysk nivå. Den jamne briten hadde fått ein dramatisk høgre levestandard av di dei fekk mykje av verdiskapinga den auka produktiviteten førte med seg. Men kor mykje av æra for dette kan Thatcher taka? Ein del. Men for å seia det slik: Det meste av det som skjedde, var ikkje nett planlagt.

God bok

Thatcher, som dei fleste andre politikarar, har fått både altfor mykje ære og altfor mykje skuld. Dominic Sandbrook er ein britisk historikar som fortel det faghistorikarar og andre forskarar har vorte samde om, men han fortel det i ei form som gjer at han når vidare og breiare enn nokon faghistorikarar kan drøyma om. Who Dares Wins. Britain 1979–1982 er den siste boka i lang rekkje med bøker om britisk etterkrigshistorie. Kvar bok dekkjer eit stadig kortare tidsspenn, og vi får vona at han kjem i mål, før han døyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement