Film

Kvikkgull

Ein polert storfilm som yter Freddie Mercury rettferd i all si pompøse prakt.

Rami Malek spelar godt i rolla som Freddie Mercury.
Rami Malek spelar godt i rolla som Freddie Mercury.
Publisert

Queen, eit av dei mestseljande, listetoppande banda i popmusikken, hadde òg ein av dei mest markante frontfigurane i pophistoria. Dette er filmen om Freddie Mercury og bandet han måtte ha i ryggen for å lukkast.

Malek

I starten verkar det nesten latterleg korleis Rami Malek (også kjend som Mr. Robot) snakkar, som om laustennene er i vegen. Men alle som har sett intervju med Freddie Mercury, veit at han faktisk hadde fire ekstra tenner i munnen og var enormt oppteken og plaga av det. Kven kunne spela Farrokh Bulsara utan laustenner, lyt ein nesten spørja seg. Og når ein vert van med dei nokså spjåkete og dels overdrivne utkledningane til stort sett alle karakterane, verkar det særleg tydeleg: knapt nokon kunne spela Freddie Mercury betre enn akkurat Rami Malek. Kroppsspråket, faktene, scenepersonen – det er som å sjå Mercury sjølv. Med andre ord: Eg lèt meg riva fjortisaktig, fjetrande med.

Musikalsk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement