Bok
Kvensk kropp og landskap
Dikta til M. Seppola Simonsen har ein kombinasjon av ro og rastlaus rørsle i dette biletuniverset som imponerer.
M. Seppola Simonsen kjem frå Senja, men bur og studerer i Oslo.
Foto: Heidi Furre
M. Seppola Simonsens debutdiktbok kan ein sjå på som ei tilbakevending til og ei poetisk undersøking av eigne språklege røter. Undertittelen på diktboka er «Kvenske dikt», og følgjeleg finn ein i bokmålsdikta ei handfull kvenske ord spreidde utover i samlinga.
Her er fleire ting som tyder på at språkopphavet er vorte framandt for det lyriske eget, at det nærmast kjenner og smakar på dei kvenske orda for første gong, og til dømes kan undre seg over at eit språk har eit eige ord for tomrom under isen: «tomrom under isen/ komujää / i kroppen/ en luftboble i blodet/ reiser opp strømmen.» Det er kanskje også ei urgamal skam som blokkerer: «det er kvensk å tro/ at man ikke er kvensk».
Kvenar er etterkomarar av folk som innvandra frå Tornedalen på 1700- og 1800-talet. Kvensk blei anerkjent som eit eige minoritetsspråk i Noreg i 2005, men er enno ikkje fullt ut standardisert som skriftspråk.
Det andre dominerande innslaget i diktboka er det nordlege vinter-, vår- og naturlandskapet, med skog og tre, snø og is. Med tanke på at omgrepa brukte for å beskrive språkhistoriske fenomen og språkslektskap ofte grunnar seg på metaforar henta frå skogen (språktre), det gjeld også opphav og identitet (røter), får landskapet i diktboka dobbel tyding: Det er på same tid språkleg, fysisk, men òg knytt til det lyriske egets kropp og identitet.
Det vert signalisert av den kvenske tittelen Sydanmettä, eit samansett ord som tyder djup skog, men der førsteleddet sydan tyder hjarte. Sjølv om dikta rører seg i det ytre landskapet, og innover i skogen, er det også ei indre, kroppsleg omvelting på gang: «huden og neglene langs randen/ de bleke tennene bak leppene». Og denne omveltinga er tidvis smertande: «grenseland, igjen// skyttergrav, men jeg vet ikke om det ligger en annen figur, krøket/ på andre siden av gjørmesletta».
Like fullt er det ein ny identitet som også gjer noko med omverda: «men nå som jeg kjenner i meg/ det som hun kjenner i seg/ kan jeg høre at bjørka hvisker/ på mitt språk».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.