Kven var du, Shirley?

Eg likar ikkje biografiske filmar eg ikkje trur på, uansett kor stemningsfulle dei er.

Elisabeth Moss spelar Shirley (t.v.). Hushjelpa Rose vert spelt av Odessa Young.
Elisabeth Moss spelar Shirley (t.v.). Hushjelpa Rose vert spelt av Odessa Young.
Publisert

Skrekkforfattar Shirley Jackson hadde eit vanskeleg liv sjølv, om ikkje så skrekkeleg som i bøkene ho skreiv. I filmen om henne er Shirley (Moss) ei tilårskomen, frynsete kvinne som meir eller mindre ikkje forlèt huset, medan ektemannen, professor Stanley Hyman (Stuhlberg), jobbar eller festar. Sidan ingen hushjelper orkar verta verande, overtalar Stanley den unge kona til den nye hjelpeførelesaren hans, Rosa (Young), til å gjera husarbeid mot kost og losji.

Eg har kanskje høyrt namnet Shirley Jackson i same andedrag som Flannery O’Connor, men elles er ho ikkje kjend for meg. Så har eg heller aldri vore så interessert i skrekklitteratur, heller ikkje når han har vorte overført til film og TV, som i The Haunting of Hill House. Desto meir interessant er det å sjå ein film om eit ukjent kultfenomen. Ein av forfattarane eg set størst pris på, Iris Murdoch, vart eg introdusert for gjennom filmen Iris (2001), og eg unner alle å oppdaga bøker gjennom skjerm og lerret. Basert på personlegdomen til Shirley Jackson slik ho er portrettert i Shirley, er det iallfall ikkje den som sel bøkene.

Hu(s)mor

Litt kjapp ettergoogling viser at Jackson sleit med helseproblem dei siste åra, både fysisk som følgje av heftig sigarettforbruk og psykisk på grunn av angstframkallande medikament. Eit av medikamenta var slanketablettar, eit vanleg fenomen for husmødrer etter graviditet. Jackson fødde og oppdrog fire born, noko som er totalt underkommunisert i filmen, for ikkje å seia totalt feil om ein ser på kva tid det ho jobbar med, vart publisert.

Kronologien er totalt stykka opp, og det er for så vidt ikkje så farleg, men når det utraderer fire ungar, som ho visstnok var ei pliktoppfyllande og ikkje minst morosam mor for, teiknar filmskaparen eit direkte feilaktig bilete av henne. Særleg det med humoren, noko som heller ikkje kjem godt fram i filmen. Når ho er vittig, verkar ho berre ekstremt bitter og dermed utan snerten ho visstnok var kjend for. Dette visste eg ikkje då eg såg filmen, men det var noko som skurra med framføringa til Elizabeth Moss.

Forvrengt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement