Bok

Kvardagsvikingar

Historiens glør byr på glitrande historieskriving som held det tittelen lover, og meir til.

Gisselsteinen, ei teikning på skifer frå Inchmarnock i Skottland ca. 800. Menn i brynje fører med seg ein fange.
Publisert Sist oppdatert

Eleanor Barraclough var eit nytt namn for meg, men i britisk presse og kringkasting er ho velkjent, og den akademiske bakgrunnen er solid, med doktorgrad i norrønt frå Cambridge.

I innleiinga lover ho at dette ikkje skal bli enda ei bok om kongar og krigar, men «en historie om vanlige mennesker som forsvant i historiens skygger, fortalt ved hjelp av små brokker og biter som har klart seg gjennom tidens og skjebnens tilfeldigheter».

Desse brokkane og bitane er først og fremst arkeologiske funn. Barraclough er ein historikar med sans for materiell kultur og kva den kan fortelje om menneske og samfunn: runepinnar frå Bergen, barneteikningar på bark frå Novgorod, eller ein gard under sanden på Grønland.

Vanlege folks tur

Her er det altså vanlege folks tur, men likevel er det også blitt ei bok der ein får med seg dei store hendingane, for dei små brokkane og bitane høyrer til i ein større kontekst, og det dukkar stadig opp meir. Ein skal vere særs godt oppdatert for ikkje å lære noko nytt av denne boka, samstundes som ho fint kan lesast som ein introduksjon.

Barraclough har evna til å trekke fram det vesentlege i staden for å fortape seg i namn og årstal. I det første kapittelet spør ho når vikingtida begynte, ikkje fordi «dette må problematiserast», men fordi spørsmålet er interessant, og fordi ho har materiale som gjer at ho har noko å seie om det. Til dømes ein gravhaug frå den estiske øya Saaremaa, datert kring 750, med eit stort krigarfølgje som var hauglagd i eit skip. Isotopane i tannemaljen syner at dei kom frå Mälardalen. Gravgodset syner at dette ikkje var eit vanleg plyndringstokt, men snarare ei diplomatisk sendeferd som ikkje gjekk godt. Men nokon overlevde, og kunne haugleggje dei daude.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement