JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kva betyr «kven er du»?

Return to Seoul er noko så sjeldan som eit skikkeleg spennande drama om adopsjon – og veldig mykje meir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
25 år gamle Freddie (Park Ji-min) har vakse opp i Frankrike og vender for første gong attende til landet ho blei fødd i.

Foto: Selmer Media

3330
20230915
3330
20230915

Drama

Regi: Davy Chou

Return to Seoul (Orig. tittel: Retour à Séoul)

Med: Park Ji-min, Oh Kwang-rok, Han Guka
Kinofilm

Franske Freddie (Park) dumpar inn på ungdomsherberget der Tena (Han) jobbar, og dei går ut saman.

På kafeen kjem det fram at Freddie er adoptert frå Korea, at ho ikkje er der for å leita etter det biologiske opphavet sitt, at ho elskar å shotta soju, og at ho slit med både det eine og det andre.

Santé

Freddie har noko utprega fransk over seg, trass i at trekka hennar er asiatiske, eller urkoreanske, som kafegjestene påpeikar: stilen, hårfrisyren, framtoninga og – sjølvsagt – språket. Det er tydeleg at Freddie har ein viss forakt for den dårlege engelsken til bordkameratane, og ei særleg forakt for at dei «avslører» henne som adoptert.

Endå meir slit ho med å innrømma for seg sjølv at ho kanskje ikkje kom til Seoul aldeles på slump, at det er ein del av henne som ikkje kan slutta å tenka på kva gen ho har. Ein samtale med mor i Frankrike viser at kjærleiken til foreldra er sterk og ekte, men ikkje dermed uproblematisk.

Eg kan ikkje hugsa å ha sett ein spelefilm som så direkte tek opp adopsjon og dei mange identitetsdilemmaa det kan føre med seg for enkelte. Regissør Davy Chou er sjølv kambodsjansk-fransk, og redd for å trakka uti kan han umuleg vera, all den tid han ikkje sjølv er adoptert, men baserer historia på ei veninne som er det.

Familie og familie

Det skjer mykje i Return to Seoul. Det er dristig å ta slike «eit år seinare»-grep som filmskaparen gjer her, det kan kjennast lettvint, men samtidig er det skikkeleg bra for framdrifta. Og for å understreka dei mange stilskifta og stemningane, og livet Freddie går gjennom. Brått går ho kledd som ei slags freistarinne med skinnkle, tilbakestroke hår og sterk leppestift, ein stor kontrast til då ho kom til Seoul med langt, bølgete hår, naturleg sminke og europeisk klesstil, som ein sikkert kan diskutera kva eigentleg er, men når du ser det, så ser du det.

Freddie er ikkje ein likandes hovudperson, ho oppfordrar til refs frå sjåaren, samtidig som ho er akkurat sårbar nok til at ein heiar på henne like fullt. Og utan å avsløra for mykje: Ho får kontakt med noko biologisk familie mens ho er på ferie, og hatten av for farskarakteren og eigentleg heile den sida. Den erfarne skodespelaren Oh Kwang-rok får verkeleg mange strengar å spela på, og han er så patetisk og fin på same tid.

Prima vista

Freddie tek alt som det kjem og maskerer aldri reaksjonane sine. Heile vesenet hennar lyser kulturkollisjonar, både i seg sjølv og dei ho møter i familien. Og sjølv om kulturforskjellane kanskje er sjølve premissen for Return to Seoul, er det ingenting påteke politisk i tilnærminga, eller at filmen tek stilling til om adopsjon er bra eller dårleg. Her er så mange lag og nyansar at sjåaren aldri får tid til å vera for lenge sementert i oppfatningar før det kjem eit nytt element inn frå sidelinja.

Return to Seoul er fyrst og fremst ein svært underhaldande og stilfull film. Lydsporet er fantastisk og gjev mykje rom for å tenkja over eigen identitet, bakgrunn og – ikkje minst – klesstil.     

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis