Bok

Kuratoren, kunstnaren og det ekte livet

Safae el Khannoussi debuterer med eit fyrverkeri av ein roman.

  

Safae el Khannoussi (f. 1994) er ein marokkansk-nederlandsk forfattar og politisk filosof busett i Amsterdam.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje ofte at ein debutroman slår verk av samtidige etablerte forfattarar ned i støvlane, men det gjer Oroppa av marokkansk-nederlandske Safae el Khannoussi (fødd 1994). Her har me å gjera med ein forfattar som har suveren kontroll over alt i ei tettskriven bok der ho er på heimebane i skildringa av folk som er på evig turné mellom bortebanene i livet. 

Det meste av teksten handlar om marokkanarar i europeisk eksil i Amsterdam og Paris, men romanen tek også avstikkarar til Marokko og Tunisia, fram og attende i tida, mellom kunstnarar, fyllikar, torturistar og andre turistar.

Skuggesida

Det eigentlege plottet er freistnaden på å få fatt i biletkunstnaren Salomé Abergel, som også vert kalla Salma. Kuratoren hennar i Amsterdam, Hannah Melger, er desperat etter å finna Salma, for det skal snart vera ei stor utstilling, og kunstnaren bør helst vera med. Dessutan er det nokre fenomenale måleri som kuratoren ikkje har lokalisert. Med dette utgangspunktet, fortalt med avstikkarar i alle retningar, opnar forfattaren for ei brei og fargesterk skildring av livet på skuggesida av Vest-Europa, og skuggen dette livet finn stad i, er av det postkoloniale Marokko.

I ungdomsåra vart Salma arrestert og torturert i Casablanca då staten freista å slå ned eit mogleg opprør. Mange år seinare dukkar ein av torturistane opp utanfor døra til Salomé, utan at han har nokon tydeleg plan med ein slik konfrontasjon.

Handlinga rører seg hit og dit, ho haikar med ei rad bipersonar som alle har samband med personane sentralt i romanen. Forfattaren har meisterlege miljøskildringar og får med seg detaljar som gjer forteljingane overtydande, og ho tek aldri omsyn til lesaren. Teksten har si eiga retning, slik eit vassdrag har det, og vekslar mellom stryk og fossefall, kulpar og bakevjer, over stokk og stein og somme tider ut i sanden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement