Installasjon av Victor Mutelekesha
Zambiske kunstnere
Kunstbanken Hedmark Kunstsenter, Hamar
16. mars–12. mai
Milumbe Haimbe (1974), Anawana Haloba (1978) og Victor Mutelekesha (1976) tematiserer Zambia og Afrika etter frigjeringa. Gjennom film, lyd, tekst og installasjon og skulptur set dei lys på postkolonialisme, økonomisk og sosial undertrykking og maktkamp.
Charlotte Wankel og l’esprit nouveau. Kambo-Kristiania-Paris-Høvik
Galleri F15
2. februar–22. mai
Dette er eit eineståande høve til å verte nærare kjend med kunsten til Charlotte Wankel (1888–1969). Wankel var elev av den franske målaren Henri Matisse i Paris. Ho kom til å markere seg i fransk kunstliv med kraftfulle nyvinningar innanfor det nonfigurative og abstrakte måleriet. Den kubistiske stilen hennar møtte stor motstand i Noreg både frå kunstmiljø og publikum. Ho trekte seg derfor vekk frå kunstmiljøet og stilte ikkje lenger ut. Men ho heldt fram med å måle, og måla nokre av dei beste måleria sine mot slutten av livet. Då ho døydde i 1969, hadde ho alt vore gløymt i mange år.
Helen Frankenthaler – Woodcuts
KODE 2, Bergen
8. februar–21. april
Utstillinga viser dristige og nyskapande tresnitt i saftige fargar av den amerikanske målaren og grafikaren Helen Frankenthaler (1928–2011). Verka spenner frå 1973 til 2009.
Rå kunst
Trastad Samlinger, Borkenes
1. januar 2012–31. mai 2023
Her får du sjå ei eineståande utstilling med verk av utviklingshemma kunstnarar. Bygget var tidlegare del av institusjonen Nord-Norges Åndssvakehjem, der eldsjela Sigvor Riksheim underviste i kunstfag. Resultata er imponerande. Samlinga med meir enn 26.000 kunstverk av utviklingshemma er verdas største. Mellom anna får du sjå verk av Herleik Kristiansen og Torstein Nilsen, dei einaste utviklingshemma med kunstnarstatus i Noreg. Nasjonalgalleriet har kjøpt inn tre arbeid av Kristiansen. Utstillinga viser i tillegg internasjonale verk.
Time for sculpture #2
Samisk senter for samtidskunst, Karasjok
1. mars–31. mars
Utstillinga er den andre i ein serie på tre som tek føre seg skulpturar frå samlinga til RDM – Sámi Dáiddamagasiidna / Samisk Kunstmagasin. Denne gongen er hovudvekta lagt på verk i mjukare material som skinn, fiber, tekstil, tråd og lerret. 13 kunstnarar er representerte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.