JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Verdien av det vakre

Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprin­sippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.

6635
20240419
6635
20240419

Utstilling

Telemark Kunstmuseum, Notodden

Røtter og vinger. Alexander Schultz og inspirasjonen fra fransk modernisme

9. mars–26. mai
Kuratert av Målfrid R. Vangen og Susanne G. Lange

«Nini i grønn kjole» er eit slikt bilde som syg ein inntil seg. To nøttebrune auge gløttar imot oss, utan å heilt møte blikket vårt, med tenksame, nærast drøymande auge. Portrettet er pensla fram med raske, lette strøk. Under fargen ser vi korleis kunstnaren har rissa opp komposisjonen med blyant.

Vi ser inspirasjon frå kubismen i måten bileta til Schultz vert bygde opp på av konstruktive komponentar. Jenta er forma med boga, mjuke linjer. Ovalen og sirkelen går att i figurskildringa så vel som framstilling av stolen, i kontrast til ein meir streng og rettlinja bakgrunn. Nini er plassert midt i bildet på ein stol i raude og fiolette fargar som framhevar det grøne og blå i påkledninga.

Karakteristisk for kunstnaren legg Schultz lite vekt på korrekt anatomi, han er mykje meir oppteken av at formene i bildeflata skal spele saman på ein god måte, og fargane både klinge i hop og utfordre oss. Sjølv om motivet ved første møte kan verke enkelt, nærast illustrativt, så inneheld det ein stor rikdom.

Dottera Nini var favorittmodellen til Alexander Schultz. Ho hadde Downs syndrom og budde saman med foreldra til ho døydde i 1973, berre 31 år gammal. Dette måleriet er eit av dei ti minnebilda faren måla av henne.

Stor i samtida

I møtet med denne kunstnaren er det viktig å vere tolmodig, først etter ei stund vil bilda opne seg i all si prakt. Ingen nyttar fargar nett som denne kunstnaren, og han har eit uttrykk som er lett å kjenne att. Han er glad i lyse, kvitlege fargar, pensla på i mange lag så overflata ulmar i nyansar som ein aldri elles ser. Måleria er så underleg tørre i uttrykket, nesten som det er måla på ein kalkvegg, og ikkje med oljefarge på lerret, men like fullt levande. Det er ikkje utan grunn han i samtida vert skatta som ein av dei mest interessante målarane som legg hovudvekta på verknaden av fargane.

Etter at Schultz slo igjennom på 1940-talet, fekk han raskt nasjonal merksemd.Medan han levde, vart han kjøpt inn til dei større samlingane landet over, mellom anna har Nasjonalmuseet heile 23 verk. Trass i viraken han vart til del gjennom det lange kunstnarlivet, delte han lagnad med så mange andre: Nokså snart etter at han fall frå, bleikna interessa. Om du i dag slår opp Alexander Schultz i dei mange nettauksjonane som er tilgjengelege, finn du fine måleri til overraskande låg pris.

Smakfull montering

Verka i utstillinga spenner tidsmessig frå 1925 til 1981. Kuratorane har gjort ein enorm jobb med å sanke inn bilde, ikkje berre frå museum og samlingar, mange er også lånte inn frå private eigarar og har ikkje tidlegare vore synte fram.

Framsyninga gjer seg godt i det veldige utstillingsrommet Sal 1, i den tidlegare cellulosefabrikken til Tinfos Papirfabrikk. Det er ikkje mindre enn sju meter under taket. I si tid køyrde heile tog inn i salen og lempa tømmeret av rett over i digre, støyande maskiner. Rommet har bevart mykje av den røffe karakteren, som står i fin kontrast til dei vare, elegante måleria til Schultz. Måleria heng på store lettvegger, som er måla i spreke fargar som står godt til kunsten.

«Så lenge norsk kunst var influert av den franske var det jo bra, men i den senere tid reiser jo malere til Tyskland.»

Alexander Schultz i eit brev til kunsthistorikaren Johan Langaard i 1981

Kunsten og livet

Måleria til Schultz er gjerne stillferdige, innovervende. Her er mange portrett, alle av nær familie, søstera, kona og borna. Landskapsmåleria viser gjerne det som er like utanfor husveggene. Museet ønskjer å løfte fram kunstnarar som har tilknyting til Telemark, og har lagt ekstra vekt på å leite fram motiv herifrå.

Det er tankevekkande korleis Schultz syslar med desse intime, harmoniske komposisjonane all den tid livet hans var så omskifteleg, ja, dramatisk, og over landegrenser. Han vaks opp i Russland, Ukraina og fleire andre land i Europa. Då den russiske faren vart sjuk og gjekk bort under den russiske revolusjonen, flykta han saman med søstera og den norskfødde mora.

Med det vesle dei fekk med seg, starta dei på nytt i Noreg. I ung alder hadde Schultz bestemt seg for å bli kunstnar. Han vart tidleg del av det norske kunstmiljøet som sverma kring franske kunstnarar som Cézanne og Matisse. Familien budde i Paris store delar av året, seinare hadde Schultz lengre opphald andre stader i Frankrike og i Italia, og snakka fleire språk.

«Nini i grønn kjole» (1973), 80,7 x 65 cm.

Eigar og fotorett: Lillehammer kunstmuseum

Farleg miks?

I tillegg til dei femti Schultz-måleria som er stilte ut, har kuratorane valt å innlemme nokre arbeid av dei som har inspirert han. Såleis kan vi også glede oss over verk av velkjende kunstnarar som Georg Jacobsen, Oluf Wold Torne, Thorvald Erichsen og Henrik Sørensen. Dette er eit dristig grep; toler Schultz å stå ved sida av lærarane og inspirasjonskjeldene sine? Mange av dei er også langt meir kjende enn han. Nokre av dei er representerte med så forførande gode måleri, til dømes er stillebenet av Georg Jacobsen, at det er til å miste pusten av. Likevel vil eg påstå at kuratorane har kome heldig frå denne tilnærminga.

Dette noko uvanlege grepet er med på å auke forståinga av tendensane i tida han verka i. Vi ser at han er inspirert av fransk modernisme, med tanke på palett og komposisjon. Mot slutten av livet var han ein av dei aller siste representantane for den franske linja i landet. No hadde andre strøymingar teke over, det vakre går av moten, og mange såg på Schultz som lite relevant.

Tendens i tida

Det er verdt å merke seg at interessa for modernismen er på frammarsj, mellom anna med ei gruppeutstilling med mellomkrigskunstnarar i Stavanger kunstmuseum. Same stad er også første visningsstad for ei stor mønstring av kunsten til Else Hagen (1914–2010). I tillegg har det vore fleire utstillingar med Arne Ekeland (1908–1994), den største vart vist i fjor ved K-U-K i Trondheim.

Eg håper fleire får opp auga for Alexander Schultz med utstillinga ved Telemark kunstmuseum, den første separatutstillinga på tretti år. Museet skal ha all ære for å lage ei så stor og grundig mønstring som Røtter og vinger. Det synest godt at utstillinga er forskingsbasert, ho er ei frukt av det omfattande arbeidet til kuratoren Målfrid Ravnåsen Vangen. Dette er ei utstilling som fortener godt besøk. Her kan ein glede seg over retteleg vakre bilde, og det er nettopp noko ein kan trenge for tida.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis