JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

På bølgelengd

Nasjonalmuseet har blitt ein god plass å vere for ei brei målgruppe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå utstillinga «Jeg kaller det kunst», som fyller heile tredje etasje. Måleriet heilt til høgre er «Per Sandberg» av Marthe Karen Kampen.

Foto: Iwan Baan / Nasjonalmuseet

9588
20220610
9588
20220610

Kunst

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Opningsutstillingar

opnar 11. juni

Det er snart er tjue år sidan Arkitekturmuseet, Kunstindustri­museet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet vart slått saman. Nasjonalmuseet viser at resultatet av samanslåinga har vorte meisterleg.

Bygningen er unik i verdssamanheng, det er særs sjeldan det vert bygd nye nasjonalmuseum. Det har vore mange forseinkingar, ein del uro og rivningar, men no kan alle åra med stengde dører gløymast. Utstillingane av kunst, arkitektur og design er fordelte utover den enorme bygningen i ein vel uttenkt heilskap, kvart tema servert i passelege munnfullar.

Vi forventar mykje av eit nytt nasjonalmuseum som kostar nærare 6 milliardar og har meir enn 400 tilsette. Det er godt gjort å levere betre enn forventa når forventingane allereie var skyhøge.

Pile o’Sápmi

Inngangspartiet er stort og mektig, samstundes innbydande og lunt. Det første vi møter, er det mektige verket «Pile o’Sápmi Supreme» (2017) av Máret Ánne Sara. Her er krania til fleire hundre panneskotne reinsdyr monterte saman til eit bildeteppe.

Krania med hòl i panna fortel om statleg tvangsslakting av rein. Det brutale verket er ein krass kritikk av norsk politikk som truar samisk kultur og levevis. I verket smeltar bodskap og estetikk meisterleg saman, og det er eit særs godt eksempel på kor sterk og nærverande kunsten kan vere.

Verket har vore vist ved mange protestaksjonar sidan 2017. Det er ikkje uvanleg at protestverk mot staten vert institusjonaliserte. No som det potente verket er del av Nasjonalmuseet, er det dermed ufarleggjort?

89 utstillingsrom

Eg vart ståande å gruble over verket ei god stund før eg rista meg laus. Ufattelege 89 utstillingsrom venta på meg. Det er lammande mykje kunst på ein gong. Trass i at eg brukte heile dagen på museet, fekk eg berre slikka litt på overflatene. Har ein høve til det, bør ein fordele opplevinga av samlingsutstillingane i dei to første etasjane på fleire dagar. Dei vert ståande slik dei er, såleis at ein kan bruke tid, kome attende, år etter år.

Bygningsmassane til Nasjonalmuseet fyller eit heilt kvartal, utan at det vert for ruvande i selskap med bygningane i området. Bygningen er konstruert som eit lukka byrom, utvendig kan museet verke massivt og einsformig. Sjølv om fasaden kan gje inntrykk av eit lukka skrin, er det slett ikkje tilfellet for det vi møter på innsida.

Den tyske arkitekten Klaus Schuwerk har lukkast med å skape eit menneskevennleg museum med gode rom for møta med kunst. Romma er i ulik storleik, intime og større. Breie, innbydande trapper fører ein frå etasje til etasje, til Lyshallen i tredje etasje, eit digert og fleksibelt rom med meir enn sju meter takhøgde, før ein går ut på den store takterrassen der utstillingsarealet blandar seg med utsikta over byen.

Her ute står eit av dei største blikkfanga på museet, «Bølgelengder – rekomponert» (1969–2022) av Siri Aurdal. Digre buktande band av glasfiber breier seg over eit stort nedfelt rom i takterrassen. Også ned til dette verket er det trapper, så ein kan kome tett på verket. Installasjonen vert som eit symbol på muset. Eg vil hevde at ein her har lukkast med å kome på bølgelengd med publikum.

Det er lagt opp til mange former for aktivitet, her er verkstader der publikum kan forsøke seg, mange av romma har ulike former for aktivitetar, og det store og innbydande biblioteket er tilgjengeleg for alle som ønskjer å lese meir.

Samlingsutstillingane

Første etasje er vigd til design og kunsthandverk frå samlinga. Det er storslegne presentasjonar, kvart rom er som eit smykke. Her er tablå som fangar ein tidsperiode, komplett med interiør, drakter og tapet.

I dei kronologisk ordna utstillingane er det små, overraskande drypp av samtidskunst. Det er fint å verte riven ut av transen ein kjem inn i når ein granskar mange gjenstandar i same kategori. I monteren med keramikk frå 1600- til 1900-talet dukkar «Blow Away» frå 2008 opp. Vasen er inspirert av ein tradisjonell delftvase med blå dekor på kvit botn, men forma er bygd opp digitalt og utsett for eit simulert vindkast. Å setje den samtidige vasen inn i denne samanhengen gir eit spennande tolkingsbilde, og litt humor er heller ikkje å forakte.

Gipssamlinga har også fått plass i første etasje. Her står avstøypingar av egyptiske faraoar, franske fyrstar, greske og romerske mytologiske scener tett i tett. Det var eit gledeleg gjensyn med noko som var sjølve kjernen i det gamle Nasjonalgalleriet, bygd opp for å gi folket tilgang på berømte og ikoniske verk frå internasjonal kunsthistorie. I tillegg til folkeopplysning skulle skulpturane inspirere til kunstproduksjon, mang ein elev har teikna framfor desse skulpturane gjennom meir enn hundre år.

Kvart av utstillingsromma har fleire utgangar. Utstillingane er laga slik at vi alltid skimtar noko interessant i dei neste romma, så vi vert lokka stadig vidare og djupare inn i museet. I dei to første etasjane er det ingen vindauge i utstillingsromma, vi er lukka inne, isolert frå omverda, som ei Alice i Eventyrland lèt vi oss forville inn i det ukjende. Romma er så varierte at vi vert drivne framover, men ikkje slik at vi rotar oss vekk, vi vert førte attende til dei store og inviterande trappene som fører oss oppover i bygningen.

Sjølvsagt vil det vere små utskiftingar også i desse utstillingane, til dømes vil fleire av tekstilverka ha godt av å kvile seg i magasin med jamne mellomrom. Eit nasjonalmuseum vil alltid stå i spagaten mellom å vise fram og ta vare på – for æva. Det praktfulle klenodiet «Baldisolteppet» vart laga før 1150, og det er ingen grunn til at fargane ikkje skal gneistre mot oss i fleire hundre år til.

Museet har fått svært gode løysingar som både tek vare på og viser fram på estetisk vis. Glasmontrane er laga i eit glas som er heilt gjennomskinleg – det er som om vi ikkje har eit felt mellom oss og verka. Fleire av dei digre glasmontrane er klimakasser, dei er motoriserte, såleis at dei enkelt kan opnast for vedlikehald og utskifting, utan at ein ser ei einaste dør. Slike gode løysningar sikrar at utstillingane held seg friske og aktuelle i tida framover.

kunst og arkitektur

I andre etasje er samlinga av bildekunst frå 1500-talet til i dag. I tillegg er fleire rom vigde til arkitektur. Mellom anna har Sverre Fehn fått eit eige rom, med hovudvekt på utstillingspaviljongane for verdsutstillinga i Brussel (1958) og Venezia-biennalen (1962), som han hausta internasjonale lovord for.

Det er ganske symptomatisk kor mange av måleria og skulpturane eg hugsar nøyaktig kvar var plasserte i det gamle Nasjonalgalleriet. Faktisk er Munchrommet montert nøyaktig slik det hang der. Det er eit godt grep – kvifor endre på noko som fungerer godt? Også den ærverdige samlinga etter industrileiaren Christian Langaard (1849–1922) har fått eit eige rom i tråd med klausulane for gåva frå 1923, rett nok ein del mindre enn den storslegne Langaardsalen i Nasjonalgalleriet.

Det er samstundes gledeleg at fleire kvinnelege kunstnarar har betre plass enn tidlegare. For å nemne to dropar i havet av kunst: Målaren Harriet Backer (1845–1932), kjend for detaljrike og avanserte koloristiske skildringar av interiør og landskap, har fått sitt eige rom. Charlotte Wankel (1888–1969) er også godt representert. Wankel var ein av svært få avantgardekunstnarar Noreg hadde i mellomkrigstida. Det radikale nybrotsarbeidet hennar vart oversett, det er først i nyare tid ho har fått den plassen ho fortener.

Kunst i rørsle

Ein av dei få bevegelege installasjonane som vert viste, er «Blikk» frå 1970/1990 av Irma Salo Jæger, Sigurd Berge og Jan Erik Vold. Verket er komplekst med tanke på kva tid det vart laga. Den store mekaniske konstruksjonen av roterande plastringar kastar eit frodig fargespel over veggflatene.

Dei mange speglane i det roterande verket gjer publikum til ein del av kunstopplevinga. Dei visuelle inntrykka er blanda med eit lydspor av poesien til Jan Erik Vold og musikk komponert av Sigurd Berge, såleis at verket når mange av sansane våre på ein gong.

Skiftande utstillingar

Samstundes som dei faste utstillingane stort sett skal stå i fred, vil det vere fleire skiftande utstillingar. Eg har stor sans for det spenstige grepet i den første utstillinga i den luftige Lyssalen i 3. etasje. «Jeg kaller det kunst» viser norsk samtidskunst av kunstnarar som ikkje representerte i samlinga til Nasjonalmuseet.

Medan kunstinstitusjonar verda over vert kritiserte for å orientere utstillingane kring eit fåtal kunstnarar, eit forsøk på å dyrke fram eit eksklusivt utval, går Nasjonalmuseet andre vegen. Her er kuratorane inne på eit kjernepunkt for sjølve målet og meininga med eit museum som dette – kven er innanfor og utanfor i samfunnet så vel som i kunsten? Utstillinga er utforskande og myldrande, med friske og uventa monteringsløysingar. Her kan ein retteleg få utfordra seg sjølv.

Utstillinga er av den sorten som lokkar fram refleksjonar og diskusjonar, noko vi alt har sett uttrykk for i presse så vel som i sosiale medium. Eg vart eigentleg mest overraska over kor mange sterke kunstnarar ein møter her, til dømes tekstilkunstnaren Borghild Svalastog, kvifor er ikkje ho for lengst innlemma i samlinga? «Jeg kaller det kunst» står berre til 11. september, så eg rår til at du begynner besøket her. Gled deg!

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den tyske arkitekten Klaus Schuwerk har lukkast med å skape eit menneskevennleg museum med gode rom for møta med kunst.

Det er gledeleg at fleire kvinnelege kunstnarar har betre plass enn tidlegare.

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis