Kunst

Kunsten å aldri finna seg sjølv

Bleken viser oss 70 års utvikling hos seg sjølv og i kunsthistoria.

«Figurer rundt et bord», 1965, 59x110 cm, Henie Onstad Kunstsenter.
«Figurer rundt et bord», 1965, 59x110 cm, Henie Onstad Kunstsenter.
Publisert

Henie Onstad Kunstsenter har lenge vore i ei flytsone med utstillingar der kvalitet og popularitet fell saman. Og dette kjem ikkje av at kunstsenteret lenge har vore utan konkurranse i Oslo-området, med stengt Museum for samtidskunst og Astrup Fearnley oppteken av merkelege påfunn. For ei stund sidan hadde Henie Onstad ei vellukka Astrup-utstilling, og for ikkje lenge sidan ei like vellukka Weidemann-utstilling. Og no er det nyss opna ei stor retrospektiv utstilling av måleria til Håkon Bleken, i samband med at han til neste år vert 90 år. Det vert nok ein ny publikumssuksess.

Liknar Picasso

Ikkje at Bleken manglar merksemd og anerkjenning. Etter at han nokså seint, i 1971, 42 år gamal, for alvor slo igjennom med nyskapande kolteikningar, ein serie kalla «Fragmenter av et diktatur», har han vore mykje feira og gjeve ordenar og mange utsmykkingsoppdrag. Det er kome ei mengd bøker om og med han. Heimesida hans ramsar opp 20 utsmykkingar, mange av dei store og i nasjonale bygningar, og 47 utstillingar over heile landet. Dessutan nokre få i utlandet. Men det siste trur eg han kan ta med ro: Før eller seinare vil òg andre land oppdaga han, slik Balke og Astrup i nyare tid har vorte gjenoppdaga i Storbritannia. Kvalitet vinn (heilt) til slutt. Foreløpig har han til og med vorte profet i sin eigen heimby, Trondhjem (som han seier), noko som ikkje hindrar, men snarare hjelper han til å svinga pisk over dei lokale politikarane og deira manglande forstand på kultur og miljø.

Som snart 90-åring liknar Bleken på eit av førebileta sine, Picasso, med å vera like produktiv i dag som tidlegare. Picasso var eit førebilete av di han vidareutvikla forma til Cézanne, (medan Matisse vidareutvikla fargane).

Det fine med denne utstillinga er at vi kan oppleve så mykje som 70 års kunstutvikling, ikkje berre hos Bleken sjølv, men i kunsthistoria. For Bleken har ikkje arbeidd i isolasjon, men med opne auge for nye impulsar, slik at han aldri har funne seg sjølv. Ingen god målar må slutta å leita etter seg sjølv. I dag seier han at han er ein post-postmodernist. Kva vert det neste?

Kronologisk og tematisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement