JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kjerringøy, Hamsun og Harr

Om ei (halv)øy med mykje natur og like mykje kultur, særleg Karl Erik Harr-museet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mellom seg sjølv og Stetinden.

Mellom seg sjølv og Stetinden.

Foto: Karl Erik Harr-museet

Mellom seg sjølv og Stetinden.

Mellom seg sjølv og Stetinden.

Foto: Karl Erik Harr-museet

5431
20200814
5431
20200814

Ettersom covid-19-tilrådinga er å ikkje feriereisa utanlands, har to innanlandske alternativ vorte framheva: I staden for strandliv ved Middelhavet, Sørlandet. Og i staden for spektakulære opplevingar i Himalaya og Afrika, Lofoten. Båe stader er campingplassar og ferjer no overfylte.

Kjerringøy

For å koma til den siste staden må ein sørfrå reisa gjennom Bodø. Men då kan ein like godt leggja inn eit ekstra døger, ikkje så mykje for å sjå sjølve byen, som kan gjerast på nokre timar, men for å ta ein avstikkar til Kjerringøy. Særleg dersom ein ikkje er ein av desse lettkrenkte identitetsvaktarane: Då eit rorbufirma frå øya freista annonsera på Facebook, vart dei stogga av di ordet «kjerring» på denne nettstaden er klassifisert som eit bannskapsord.

Men her er det mykje som ikkje stemmer. Kjerring, opphavleg «kerling», det vil seia lita kvinne, er i dei fleste dialektane ikkje bannskap. Gro tala varmt om nabokjerringar. Og øya, som etter landhevinga no berre er ei halvøy, skal ha fått namnet av di det på 1400-talet var ei (økonomisk attraktiv?) enkje på ein gard der. Slik sjølve handelsstaden på 1800-talet vart driven av den økonomisk attraktive enkja Ellingsen, som den unge handelsbetjent Erasmus Zahl kapra.

Filmlocation

Eigentleg skulle Kjerringøy vorte byen i regionen, framfor Bodø, ved å vera meir nærliggjande hamn for båtar frå Lofoten. Men då dampskipa kom, var hamna for grunn for anna enn nordlandsbåtar. Så no er nessekonge-anlegget museum, frose i tida på slutten av 1800-talet, den gong Hamsun bad om og fekk eit lån på ei årsløn av Zahl. Seinare har Hamsun brukt staden og Zahl sjølv, saman med andre væreigarar, som modell for Sirilund og Mack i fleire romanar. Det har ført til at Kjerringøy har vorte til eit Hamsun-Hollywood for innspeling av fleire av romanane. Ja, dessutan ein Wassmo-roman med sjølvaste Gérard Depardieu i ei rolle. Lokalbefolkninga på litt over 300 er i dag nærast å rekna som profesjonelle filmstatistar.

Sumarbustad

Så øya har mykje å takka Hamsun for. Men òg mykje å takke Karl Erik Harr for. For i 1978 sumarflytta han til øya for å måla hus, båtar og landskap, særleg Strandåtinden, Noregs tredje vanskelegaste fjell å klatra i.

Då hadde han alt gått i gang med å illustrera Hamsun-bøker. Og så vart også han på eit vis kopla til den same Zahl som Hamsun utnytta: I 1894 bygde Zahl eit svært fjøs, som hundre år etter vart omgjort til kulturhus, der Harr i 2007 fekk stilla ut nokre av dei mange illustrasjonane sine til Hamsun-bøker. Noko som har ergra Hamsun-miljøet i Hamarøy. Men Harr meiner Zahl og Kjerringøy var avgjerande for Hamsuns karriere.

For Harr vert Kjerringøy like avgjerande. I 2019 fekk han endeleg realisert ein draum som han lanserte i 2007 ved opninga av Hamsun-galleriet i Zahlfjøsen: Like ved vart det i fjor ferdigstilt og opna ein brannsikker bygning som frå då av skal vera heimstad for kunsten hans, etter at han måtte flytta ut av Galleri Lofoten. Museet er passande nok arkitektonisk smålåte, i ein langstrekt etasje og med enkelt skråtak. Ikkje noko Lambda eller Bilbao-Guggenheim, men funksjonelt. Rett nok er dei einskilde utstillingsseksjonane noko små, men det er òg eit større rom med eit flygel, der det kan haldast kammerkonsertar, og der dei større bileta får plass og avstand.

63 verk

I årets utstilling har det vorte plass til 63 verk av ymis storleik. Tematisk er dei representative for Harrs motivkrins: Det første vi støyter på når vi går inn, er nokre sjølvportrett, bilete av målaren som ser det han målar: kystlandskap med fjell og hav.

Harr kan samanliknast med Hans Gude, som òg var kystmålar, berre at Harr målar det nordnorske kystlandskapet med sitt eige ljos og brutalt skulpturale fjell, ope rett opp frå havet, og ikkje tronge fjordar. Eit landskap og ein tilhøyrande livsførsel som har gjeve opphav til eigne mytar og litteratur. Som Harr målar: draugen, trollkveita, skarvane frå Utrøst og scener frå Petter Dass og Hamsun-romanar. Men han lagar òg historiemåleri, til dømes «Trollfjordslaget» (som skjedde i 1890), der Harr på metavis i framgrunnen har måla inn Gunnar Berg, den altfor tidleg døde Lofot-målaren, medan han målar slaget.

Harr målar òg nokre nordlandsbåtar, sjarkar, naust og fiskehjellar inn i kystlandskapa sine, med appell til lokal nostalgi. Sant å seia ikkje noko for meg, som ser på ein slik ideologi som skadeleg for utviklinga i Nord-Noreg.

Landskap

Derimot er eg oppglødd for bileta som er heilt utan spor av menneske, bortsett frå at dei er sett av eit menneskeauge: skremmande store nakne fjell og uroleg sjø som ser attende på oss frå ei urtid. Endå meir umenneskelege er bileta frå lenger nord: isbarriere ved Spitsbergen eller drivis ved Hopen.

Det fine med dette galleriet er at ein kan gå ut av døra og straks sjå modellane til bileta, særleg Strandåtinden. Men om du har bil, er det mykje anna å sjå: Du kan køyra inn til Nevelsfjord på austsida av øya, pynta av kampesteinar store som hus, styrta ned frå nesten 1000 meter høge fjell. Eller du kan køyra til nordsida og slå deg ned på breie, lyse svaberg med utsyn over Foldafjorden til Steigen.

Så kan du stilla seg i ferjekø til Lofoten.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Harr meiner Zahl og Kjerringøy var avgjerande for Hamsuns karriere.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis