Kunst

Høveleg siste utstilling for Nasjonalgalleriet

Harald Sohlbergs fargesterke kvelds- og nattlandskap er som symbol for menneskesinnet.

«Vinternatt i Rondane» (1914).
«Vinternatt i Rondane» (1914).
Publisert

Eg har nyleg vitja nasjonalgalleria i Riga og Tallinn. Det i Riga er ein staseleg bygning frå 1901, medan det i Tallinn er frå 2006, moderne, men elegant, og fint felt inn i ein park. I båe kan ein sjå den nasjonale kunsten til desse ikkje nett rike, men tapre landa. I verdas rikaste land, derimot, skal vi snart flytta kunsten frå ein staseleg bygning frå 1882 til noko som liknar på eit parkeringshus. Resultatet av ein hestehandel mellom politikarar, ikkje kunstnarar. Siste utstilling i den gamle bygningen er nett opna og kan sjåast fram til 13. januar 2019. Så vert det mørkt fram til parkeringshuset opnar i 2020. Om dei får tent ljos i alabasten.

Det er då passande at det er Harald Sohlbergs kunst som er siste utstilling, ein kvelds- og nattmålar framfor nokon. Nesten alle dei utstilte bileta er kvelds- og nattbilete. Sohlberg vart fødd i Kristiania i 1869 og døydde i 1935, 66 år gamal. Han utdanna seg som dekorasjonsmålar, noko som gav han solid handverkartrening, før han frå 1890 til 1894 studerte hos ulike kunstnarar i Noreg, Danmark og Tyskland. Utstillinga er pedagogisk ordna og syner korleis Sohlberg i denne tida leita etter ein eigen stil blant dei ulike stilane i samtida. Dette var samstundes med at Munch slo igjennom med ekspresjonismen sin. Og symbolismen hadde utfordra naturalismen, særleg inspirert av Caspar David Friedrich og Arnold Böcklin.

Famlande byrjing

I utstillinga kan vi sjå korleis Sohlberg i byrjinga famlar: Skal han måla menneskeportrett? Skal han måla openbert symbolske figurar? Han prøver å måla lokkande havfruer, ikkje ulikt Munchs vampyrkvinner. Ikkje vellukka. Og kva for teknikk skal han bruka? I 1890-åra hadde målarane brote med dei usynlege penselstroka til akademimålarane og klatta på måling med tydelege strok.

Det imponerande med Sohlberg er at han likevel snøgt fann seg sjølv, noko utanlandske kritikarar såg på som ein særeigen norsk individualisme, demonstrert av Nansen, ein naturelskar som Sohlberg sjølv beundra og etterlikna når det galdt idrett og skigåing. Sohlberg skjøna at det var landskapsmålar han skulle vera, men ikkje som Gude, som hyra inn Tiedemann for å få med menneske. I Sohlbergs bilete er knapt eit menneske å sjå, sjølv ikkje då han måla bilete frå byar, til dømes i dei ikoniske Røros-bileta. Eller i eit sumarnattsbilete frå Nordstrand, der vi ser utover fjorden med delar av ein veranda i framgrunnen: Halvfulle glas syner at nokon har vore der, men ikkje no lenger. Men dei er der likevel: på kveldshimmelen.

Individperspektiv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement