JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Ein femmasta fullriggar flyg over Oslo

Målarstykke, skulpturar og forteljingar fører oss gjennom fem år med naziokkupasjon fram til ei hylling av humanisme og rasjonalitet innanfor ein stor utandørskonstruksjon på toppen av Holmenkollen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vebjørn Sand har måla Traute Lafrenz-Page, den einaste overlevande frå den antinazistiske gruppa Den kvite rosa under den andre verdskrigen, i kunstinstallasjonen Roseslottet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

5779
20200703
5779
20200703

Kunst

Vemund Sand og
Eimund Sand:

Multimediaprosjekt:
Roseslottet

Ved Frognerseteren stasjon i Oslo

Det er i år 80 og 75 år sidan Nazi-Tyskland kom, torturere og tapte i Noreg. Det har sjølvsagt vorte markert, men dagens koronanedstenging har gjort at 100-årsmarkeringa for spanskesjuka har fått meir merksemd.

Men no har det vorte sommar, smittetala er på veg ned, og då har det nettopp omsider vorte opna ein minnestad for okkupasjonsåra: Om ein tek Holmenkollbanen til endestasjonen Frognerseteren, med utsyn over Oslo, kan ein gå rett inn i «Roseslottet», som det heiter, med referanse til den tyske motstandsrørsla Den kvite rosa. Det er laga av Vebjørn Sand (måleri) og broren Eimund (skulpturale former), og det er drifta av ei stifting. (Sjå Roseslottet.no.)

Men før ein tar turen, må ein ha rydda opp i fordommane sine: Er dette eit (rett nok utandørs) galleri, altså ein kunstinstitusjon, som berre viser målarstykke, så mange som cirka 100, og skulpturar, som difor vert klassifiserte som kunst ut frå ein elitistisk kunstdefinisjon? Der ein kunstteoretikar/kurator, lik ein prest, kan utfalda seg med rituelt språk og slik vert den eigentlege skaparen av verka?

Jordkunst

Moderne kunst har på mange vis sprengt seg sjølv gjennom utvikling av nye sjangrar utanfor galleriveggane. Alt i 1970-åra laga Robert Smithson utandørs jordkunst i form av ei spiralbrygge. Roseslottet, som òg er forma som ei spiralbrygge, rett nok av tre, og utan vatn, er kan henda jordkunst? Nei, jordkunst skal gje eit tilhøve til naturen, medan Roseslottet handlar om menneske og verdiar. Kva med utandørs installasjon? Til dømes Christos innpakkingar? Nei, dei handla normalt om seg sjølv og skulle berre vera barnsleg forunderlege.

Og så er det desse vanlege fordommane til folk som ikkje likar Vebjørn Sand: professor Danbolt som meiner Roseslottet er stort og støyande, flaggkommandør Børresen som meiner det er smaklaust og dekadent og plasserer Sand sjølv i forgrunnen framfor krigshistoria (slik Picasso gjorde med «Guernica»?), noko den elles smålåtne Marianne Heske, mest kjend for å frakta ei utløe til Pompidou-senteret, er samd i. Alt dette rett nok sagt før Roseslottet var ferdig.

Då står vi att med at Roseslottet høyrer heime i sjangeren multimediaprosjekt, ettersom fleire medium verkar saman: bilete, skulptur, sakleg informasjon og dessutan musikk, for det skal òg arrangerast konsertar, teater og film. Og for å vera meir spesifikk, sidan dette prosjektet handlar om å minnast okkupasjonen: Det er eit multimediakrigsminneprosjekt, der kunsten ikkje er der for si eiga skuld, men for å gjere det gamal kunst kunne best: konsentrera meining, i dette tilfellet om okkupasjonen, for eitt samtidig blikk som ikkje er innelåst i ein kunstinstitusjon. Ikkje minst har det pedagogiske pretensjonar retta mot skuleklassar med dårlege historiekunnskapar. Kunstprofessorar har ikkje kompetanse på dette.

Tidsvitne

Med dette i mente, og med justerte kriterium, kan ein så gå inn i spiralen, der ein først møter mindre portrettmålarstykke av tidsvitne, med informasjon om kva dei gjorde under krigen. Mange i nord har klaga over historieforteljingar som gjev inntrykk av at motstanden mot tyskarane berre gjekk føre seg i sør. Men her er alle representerte: finnmarkingar og samar så vel som austlendingar, Milorg så vel som ulike kommunistorganisasjonar, modige kvinner så vel som «tyskartøser».

Og når ein så først er komen inn, vert ein møtt av alle desse store tavlene, 2x4 og 2x6 meter, som Vebjørn Sand har måla med epoxymåling, slik at dei toler regn og snø: på rekke og rad og på båe sider av gangvegen, opp i mot 80 i talet, som viser tablå av sentrale hendingar under okkupasjonen, utvalde mellom anna i samarbeid med Heimefrontmuseet. Desse er måla med grove penselstrøk og komponerte med formale referansar til kunsthistoria. Mange av dei er slåande vakre, slik Munch måla uhyggelege ting som vakre.

Når vi så kjem til spiralens sentrum, er det særleg skulpturane til Eimund Sand som dominerer. Heilt i sentrum har han laga ei liggjande stjerne, «dei uføddes stjerne». Og når vi snur blikket sørover mot Oslo, er utsynet dominert av fem cirka 30 meter høge master med gullforgylte segl og bladverk. Så vidt eg skjønar, skal slike geometriske uttrykk referera til den universelle rasjonaliteten som vart utvikla i Athen, og som er grunnlaget for dei humanistiske og demokratiske verdiane som vart undertrykte under okkupasjonen. I tillegg er mastene særs dekorative, og opplyste i mørkret vil dei ta seg flott ut sett frå byen.

Privatfinansiert

Prosjektet er stort sett privatfinansiert: 48 av dei 50 millionane det kostar. Her er det ein likskap med Christo, som på same vis ikkje plaga offentlege pengesekkar, men skaffa finansiering med ettersal av «innpakkinga». Ein NRK-journalist spurde Vebjørn Sand om det ikkje var rart at det er inngangspengar for Roseslottet når kommunen lar tomta bli nytta gratis. Bjarne Melgaard gjev vel ikkje bort bileta sine gratis sjølv om han no får statsløn?

Då eg vitja slottet, var det mest saman med andre gamlingar som meg sjølv, nokre til og med så gamle at dei hadde opplevd okkupasjonen. Dei var utan unntak særs positive, like mykje som meg, og til og med gripne.

Eigentleg burde prosjektet integrerast fast i Heimefrontmuseet. Men nå vert det i alle fall ståande i eit år. Norske innanlandsturistar, og koronafrie utlendingar, bør å ta Holmenkollbanen heilt til endestasjonen.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis