Krigssiglardikt
Historiske dikt kastar urovekkjande framtidsskuggar.
Inger Elisabeth Hansen har teke utgangspunkt i notat frå faren, som var krigssiglar.
Foto: Aschehoug
Inger Elisabeth Hansen, som fekk Kritikarprisen i 2015 for den førre boka si, har med utgangspunkt i notata til faren, Kristian August Hansen, som var ute- og krigssiglar, laga diktboka Krysninger / Konvoi. Dikta fortel om fraktefarten og sjømannslivet på ulike båtar faren hadde hyre på, om hamnebyar, lossing og ferder over ulike havstrekk.
Me høyrer om klassetilhøve, dyrtid, slit og konvoifarten under 2. verdskrigen – kvar for seg høgdramatiske hendingar. Likevel er tonen i dikta overraskande nøytralt beskrivande. Jamvel om dikta byggjer på autentiske notat, er personane ikkje i sentrum. Snarare skriv dikta fram eit større bilete av samfunnsformasjonen, den kapitalistiske økonomien, utbyttinga, den globale varesirkulasjonen.
Såkalla dokumentarisk
Økonomien, krigen, livet og ulike omverder vert, på ufritt vis, monterte i kvarandre. Vel er dette både forteljing, fabel og dokumentarisk stoff, men framstillinga vert òg styrt av poesiens logikk. Noko ein ser av kor sinnrikt fuglemotivet utviklar seg i boka. Om kronologien endar i 1940-åra, sender dikta varslar til notida: Kakaduene til dømes, som er på veg til zoologisk hage i Århus, vert etter ei grunnstøyting sleppte fri ein stad dei ikkje naturleg høyrer heime.
Diktboka reflekterer indirekte over korleis litteraturen handterer såkalla dokumentarisk materiale. I undertittelen står det «dikt og dokumentarisk fabel». Fabelen er ei forteljing med refsande innhald. Ein vil ikkje finne så mange moralske formaningar i overflateteksten, men kritikken ligg der. Dei konkrete hendingane talar for seg sjølve.
Beskyttande form
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.