Krig og aldri fred

Farmors og farfars krig er ein velskriven biografi om krigsseglartraume og familieliv.

Bryllaupsbiletet til Alfhild og Einar Møllerhaug.

Bok

Publisert

Andre verdskrigen synest å vere eit fruktbart tema for forfattaren og kunstnaren Nicholas H. Møllerhaug. Farmors og farfars krig er den andre biografien hans med krigen som bakteppe. Tidlegare har han skrive om den landssvikarstempla arkitekten Leif Grung. At han denne gongen skriv om den nære slekta, er ikkje til hinder for at boka har allmenn interesse og gir ny innsikt i krigshistorie og krigsseglarlagnad.

Eit par år før krigsutbrotet i 1940 tok farfar Einar Møllerhaug hyre som byssegut på fraktebåten «Utsire» av Haugesund, berre 16 år gammal. Han avanserte fort, og sjømannskapen leidde han til fjerne himmelstrok. I 1941 vart fleire norske kvalbåtar bygde om til minesveiparar ved Bombay (Mumbai) i India, der det også vart gitt militær opplæring. Einar fekk hyre på ein av minesveiparane og kom på den måten snart med i regulære krigshandlingar.

Frå bysse til torpedo

Frå 1943 tenestegjorde han på jagaren KNM «Stord» og tok del i mange særs farefulle og lagnadstunge oppdrag. Eskortering av handelskonvoiar til Murmansk utgjorde ein viktig del av tenesta. Mannskapet på «Stord» bidrog då det tyske slagskipet «Scharnhorst» vart senka ved Nordkapp i romjula 1943.

Aksjonen var noko av det mest dramatiske og grufulle Einar opplevde i krigsåra. Av eit mannskap på nesten 2000 mann om bord i «Scharnhorst» overlevde berre 36. Mange unge menn omkom på dramatisk vis i flammehavet den dagen. KNM «Stord» hadde også ein framskoten posisjon under den allierte landgangen i Normandie, som tok til 6. juni 1944 (D-dagen).

Slik hadde Einar Møllerhaug hamna midt oppe i krigens blodige og nådelause drama, utan vegar ut. Frå eit klaustrofobisk ammunisjons- og torpedorom på KNM «Stord» var lydane frå ubåtar, detonasjonar og fartøy som gjekk ned, grufulle. Som angstskrika frå dei mange døyande medmenneska var det, anten dei var ven eller fiende.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement