Film
Kraftig barnemat
Den norske animasjonsfilmen om barnekreft er barnevennleg og balansert.
Kreftcella Kaja bur i nyra til ti år gamle Erik. Abel (t.h.) er cellegiftgeneral.
Kaja (Stuve) er ei kreftcelle, trur ho. Den store skamma hennar er å ikkje kunne dele seg. Saman med vennene bur ho i ein svulst.
Når kreftcellene leia av Malignus (Conradi) køyrer ein offensiv for full spreiing i retning lymfeknutane, vil ho gjerne vere med.
Det ho ikkje veit, er at svulsten sit i kroppen til tiåringen Erik (Seip), som er på sjukehuset for å få behandling med cellegift og operasjon. Snart møter Kaja cellegiftgeneral Abel (Sandvik), og det blir kamp på fleire frontar.
Universet
Det meste av handlinga i Ustoppelig skjer inni kroppen. Det er eit univers med artige detaljar og snodige figurar med fjonge utstikkarar. Menneska på utsida er meir ordinære i stilen. Forteljinga er krydra med nokre ordspel som vaksne kan smile av, og eit par songar som truleg treffer borna meir enn meg.
Ein kan lese inn eit og anna i autoritære leiarar, massesuggesjon, vankunne og utanforskap i filmen. Det store temaet er tvillaust kreft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.