Teater
Kosestund med Linda og Herborg
Kråkevik og Eide byr på song og satire i ei framsyning utan verken raud tråd eller store høgdepunkt, men med råkande poeng.
Herborg Kråkevik, Heine Bugge og Linda Eide på scena i Det Vestnorske Teateret.
Foto: Thor Brødreskift
Det verkar som om den på somme vis umake duoen Eide og Kråkevik har plukka litt herifrå og litt derifrå til denne framsyninga, som dei sjølve er ansvarlege for tekstane til. At dei til opning nyttar så mykje tid på den såkalla rasjonaliseringa av Posten og NSB/Vy, er litt underleg. For poenga er velkjende, og brukte før, sjølv om historia om skjorta Herborg skulle sende til far sin i Jondal, lèt oss komme tettare på den nye servicen og effektiviteten i Posten.
At Herborg framleis kan syngje, får vi overtydande døme på i «La Vie en Rose» og «Den fyrste song», flott akkompagnert av Heine Bugge på trekkspel, men kva samanheng desse innslaga går inn i, er ikkje like klart. Derimot måtte vi vente innslag om språk, som jo er blitt Lindas spesialitet, og det får vi. Aller best er ho i monologane vi kjenner frå språksjovet, og desse er det eit par av i framsyninga. Dei er alltid poengterte og meiningsfulle. Slik også her. At dei to også tar for seg jåleriet med ikkje å kalle ein spade for ein spade, er absolutt på sin plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.