Bok
Korleis røkte eit liv
Dikta skriv fram eit imponerande mangfaldig knippe med motiv.
Eli Fossdal Vaage skriv om livssamanhengar.
Foto: Thor Brødreskift
Morsrolle, graviditet, barndom. Desse motiva kling kan hende velkjende, også etter kvart i lyrikken, som tradisjonelt har halde slike trivielle emne litt på avstand. Eli Fossdal Vaage debuterte med diktboka Hekla myter, som bora i slektskapsforhold og minte om slitet til formødrene, og der vona var å kunne finne seg ein eigen plass i den lange slektsrekkja.
Kjedereaksjon
Estalåni, som er systera sitt kallenamn på eget, dreiar seg på eitt nivå om morsrolla og graviditet, men Vaage sprenger seg or dette smale perspektivet, for her vert ein ført attende til eigen barndom og framover, inn i det moglege, men også usikre og farlege. Det iaugefallande ved Estalåni er korleis boka maktar å slynge ut eit heilt knippe med motiv, så å seie ut frå ei fysiologisk enkelthending, frå graviditeten, frå celledelingsfaktumet. Det er som ein kjedereaksjon, og boka materialiserer, i myriadane av motiv og former, ulike voksterprinsipp.
Diktsamlinga kan lesast inn i dei samanhengane som falda seg ut i Hekla myter, der det galdt å verte føydd inn i ein samanheng, men årets bok vender søkjelyset sterkare mot det individuelle, voksteren og risikoen for at noko kan gå gale. Det er også viktig å streke under at Estalåni skil seg stilistisk frå Hekla myter, mellom anna ved at dikta vekslar i tone og stil. Her finn ein nøkternt skildra tekstar blanda med munnleg forteljing, som her og der svingar seg i det lyriske registeret. Dikta dyrkar eit dempa uttrykk, ikkje nødvendigvis den djerve, smellande formuleringa: «Å søster, det er enkle ting eg snakkar om, varmt vatn/ er viktig, noko grønt; ord rimar på jord».
Forteljing
Vaages dikt inneheld eit moment av forteljing som er godt integrert i sjølve prosjektet, for dikta er opptekne av å peike på og røkte lina, livssamanhengane, som er så skjøre: «Kor mange fleire halar, haleliknande trekk/ å bli kvitt// for å få kroppen til å teia, mennesket til å ta over/ i menneska.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.