Bok
Kontrastane i livet
Romanen 1979 handlar om den lange, men likevel forbløffande korte vegen frå storslåtte festar til å blande mark i suppa for å få protein.
Den tyske forfattaren Christian Kracht skriv om store kontrastar i livet.
Foto: Frauke Finsterwalder
Året er 1979, og vi er i opptakta til den islamske revolusjonen i Iran. Hovudpersonen er interiørarkitekt og i Teheran med ekskjærasten Christopher som er alvorleg sjuk, sannsynlegvis av aids. Stemninga mellom dei er som hos eit gammalt ektepar: Både når dei snakkar og når dei teier, kan det ligge små skuldingar der. Samstundes kjenner dei stor omsorg for kvarandre.
Austleg og vestleg
Dei hamnar på ein hemningslaus villafest i Teheran der det slett ikkje er te som vert drukke, noko som elles er det vanlege. Festen, og Christopher, kjem ut av kontroll, på ekstatisk sjølvdestruktivt, dekadent vis. Blod og vin fløymer. I verda utanfor står militærpolitiet i gatekryss og kontrollerer køyretøy, og snart høyrer dei stadig meir av skot, stridsvogner og maskingeværsalver. Hovudpersonen må skugge banen, og får eit råd om å dra til eit fjell i Tibet for å få openberringa han treng i livet. Etter ei stund i selskap med ein gjeng pilegrimar, blir han arrestert av kinesiske soldatar, tatt med til ein kinesisk arbeidsleir og lever der under særs stusselege, for ikkje å seie livstrugande forhold. Vegen har vore lang frå elleville, overdådige festar til pur elende.
Den tyske forfattaren Christian Kracht har med 1979 skrive ei forteljing om dei store kontrastane i livet, også mellom verdiane til den austlege og vestlege verda. Ein kan ikkje utan vidare bevege seg «fritt» mellom desse. Ein kan heller ikkje naudsynleg «gripe inn» i noko. I denne romanen blir hovudpersonen snarare tvinga til å både leve og lide under tanke- og styresett, ideologiar og maktutøving som andre har.
Svart humor
Kracht skriv energisk og usentimentalt. Romanen er som eit utsnitt av ein verdssituasjon i ei bestemt historisk tid, utan nokon eigentleg start eller slutt. Det er som om forfattaren begynner å filme på eit tidspunkt, og gjev seg når batteriet er tomt. Det blir opp til lesaren å finne overføringsverdiane som ligg i teksten – noko det finst mange høve til, då kolliderande verdisyn og levesett er noko som er jamt pågåande, enten ein snakkar om politiske, religiøse eller personlege verdisyn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.