Film

Kongen av papp

Propagandafilmen om Michael Jackson gjev lite gåsehud og mykje flau smak.

Hovudrolla blir spelt av Jaafar Jackson, nevøen til Michael Jackson.
Publisert Sist oppdatert

Gary i Indiana, året er 1965: Pappa Joe (Domingo) står i stova og drillar brørne Jackson med vesle Michael (Valdi) i spissen. Om berre eit par år skal dei legga ut på turnear land og strand rundt, og Michaels barnestjernestatus stig raskt.

Men Michael (Jackson) veks til og vil finna sin eigen veg. Denne vegen er brulagd med gull, sjimpansar, leiker og einsemd. Og på sidelinja står far med beltet i handa, klar til å denga sonen inn igjen på den smale stien.

Historieomskriving

I skuledagboka mi for 1989–90 har eg ei liste over årets beste ditt og datt. Under årets film står det Moonwalker og «(Of course)» bakom. Eg kan med det same avsløra at Michael ikkje hamnar på årets beste filmar-lista i nærverande avis. Men ein gong var det sjølvsagt at alt Michael Jackson tok i, blei til gull. Skikkeleg gull.

No, nesten sytten år etter at han døydde og fleire skandaløse og ujamt vekta dokumentarar seinare, er det nesten uråd å sjå noko som helst biografisk om han utan å ha i bakhovudet at historia hans vekslar etter kven som fortel. Det mest påfallande i Michael er at veslesystera, Janet, er kjemisk fjerna frå historia. Historia denne gongen er sponsa og fortald av brørne, systera La Toya og advokaten og forvaltaren av dødsbuet John Branca, spelt av Miles Teller. Kritikarar som Janet Jackson må vekk. Det diskrediterer eigentleg heile filmen. Kva andre fridomar har dei teke seg?

Pan-seksuell

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement