Musikk

Kompromisslaus grannsemd

Reinhard Goebel dirigerer Neues Bachisches Collegium Musicum.
Publisert

I byrjinga av 1990-åra blei livet snudd opp ned for barokkfiolinisten Reinhard Goebel, då ein nervesjukdom gjorde at eine langfingeren svikta. Han flytte fela til høgre aksla og øvde «spegelvendt» i ti år, heilt til han innsåg at han aldri ville bli like god som før, og la instrumentet på hylla for godt. Omskolering til dirigent fylgde, og det var i denne kapasiteten han under Bachfest leia Neues Bachisches Collegium Musicum, eit barokkensemble av musikarar frå Leipzigs vidgjetne Gewandhausorchester.

Kombinasjonen av dyktige musikarar og ein dirigent med kompromisslaus grannsemd resulterte i teknisk perfekt musisering, for kvart felestrok verka gjennomregissert og kvart ornament innstudert. Men var resultatet verkeleg musisk?

Ein kunne ikkje la vera å bli imponert av dei gneistrande tempoa i Vivaldis dobbeltkonsert og dampbadet av fiolinklang i Bachs (rekonstruerte) trippelkonsert. Men varme i klangen, ande i fraseringa – det mangla. Også dei mange dansesatsane i Telemanns orkesterouverture som opna konserten, vanta det tragikomiske viddet denne komponisten ofte legg opp til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement