Bok
Klassikarar med livets rett
Som om vi ikkje alt vassar i krimromanar, har Nasjonalbiblioteket, av alle, innleidd ein bokserie dei kallar «NBs krimklassikere».
Kriminalromanar
Her er føremålet ikkje i og for seg å gi oss endå fleire drap, men å ri på kriminteressa i den forstand at eit større publikum blir gjort kjende med opphavet til vår heimlege krimlitteratur. Derfor er også språket i desse pionerarbeida blitt betydeleg modernisert i nyutgåvene. Og dei tre første forfattarane dei har valt, er opplagde nok – sjølv om dei to siste har namna sine knytte til heilt andre utgivingar: Maurits Hansen (1794–1842), Hanna Winsnes (1789–1872) og Olaf Bull (1883–1933).
Mord utan lik
Mordet på maskinbygger Roolfsen kom først som føljetong i månadsskriftet Norske Læsefrugter i 1839 og låg føre i bokform året etter. Litteraturhistorisk sett er dette interessant fordi ein internasjonalt reknar Edgar Allan Poes Mordene i Rue Morgue frå 1841 som verdas første kriminalforteljing.
Forfattaren tek oss med tilbake til Kongsberg på 1700-talet. Der får assessor (ein slags dommar) Johannes Barth i oppgåve å finne ut kva som har hendt med maskinbyggjar Roolfsen, som har forsvunne, og som ein trur er blitt myrda. Problemet er berre at det finst ikkje noko lik.
Eit anna problem, av moralsk karakter, er at den hovudmistenkte er son av kvinna Barth har vore forlova med og framleis elskar. Men dette hevar han seg over og går laus på oppgåva med etterforskarens blikk. Barth er ein mann av opplysingstida og veit å ta i bruk det nyaste vitskapen kan bidra med. Til å løyse gåta koplar han inn apotekaren Lepin – krimlitteraturens første rettskjemikar. Slik bergar assessoren også sitt eige skinn, for i det klassedelte samfunnet han beveger seg i, er han ikkje det minste redd for å utfordre den sosiale eliten eller statsbyråkratiet i Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.