Teater
Klassikar i fine tolkingar
Dei to framsyningane er svært ulike, men båe held høg kvalitet.
Kamilla Grønli Hartvig spelar Laura på Den Nationale Scene. I bakgrunnen Marianne Nielsen og Kim J. Olsen.
Foto: Odd Mehus
TRØNDELAG TEATER
Det kan gå tiår mellom kvar gong Tennessee Williams-klassikaren Glassmenasjeriet blir sett opp på norske scener. Men denne hausten har familiedramaet vore spelt både på Trøndelag Teater og Den Nationale Scene i Bergen.
Einsemd og isolasjon – men også illusjon og håp om noko betre – er tema for stykket, som stadig står på repertoaret på teater over heile verda. I sentrum finn vi Laura (23), usikker, menneskesky og med ein liten fysisk skavank, ein defekt ho har forstørra så han er blitt den aller viktigaste delen av personlegdomen hennar.
Då broren, på oppmoding frå mora, ber heim ein «kavaler», går Laura gjennom ei oppvakning som lèt henne opne seg for gjesten. Han får henne til å snakke, le, danse, men må, då han ser kva for håp dette vekkjer i henne, vedgå at han alt har ein kjærast og snart skal gifte seg.
Klaustrofobisk
På Studioscenen i Trondheim har dei skapt eit klaustrofobisk, nake rom nesten heilt utan scenografiske element, som for å understreke i kva grad personane er fanga i sitt eige tilvære. Berre Lauras glasmenasjeri, ei samling miniatyrdyr i glas som ho ofte flyktar inn i, har fått ein sentral plass på scenen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.