Bok

Klassehat og maktvakuum

Morten Jentoft gjev oss eit skarpt blikk inn i Finlands nasjonale tragedie. Etter borgarkrigen i 1918 låg det att 37.000 døde.

Morten Jentoft har funne nye kjelder og uhyggjelege fotografi som gjer ei rå historieforteljing levande, meiner Bernt Hagtvet.
Morten Jentoft har funne nye kjelder og uhyggjelege fotografi som gjer ei rå historieforteljing levande, meiner Bernt Hagtvet.
Publisert

Finland er det store unntaket i nordisk historie. Storhertugdømet Finland var først i Europa med ålmenn røysterett i 1906. Tsar Nikolaj II vona å demma opp for revolusjonen. Folkeoppstanden i St. Petersburg i 1905 hadde nett truga det autokratiske styret hans.

Men det er fleire unntak her. Finland var djupare splitta sosialt, økonomisk og kulturelt enn dei nordiske naboane. Uoverstigelege klasseskilje i industri; jordlause småbønder versus jordeigarar; bitre sosiokulturelle språkkonfliktar mellom svensk og finsk, pluss den sårbare geopolitiske plasseringa mellom tre imperiemakter, Sverige, Russland og Tyskland; økonomisk depresjon og nasjonal reising – alt dette er element for å forstå tragedien som råka landet frå januar til mai 1918.

Blokkering

Den store grunnlovsreforma i 1906 var paradoksalt nok medverkande til borgarkrigen. Sosialdemokratane fekk 80 plassar i nasjonalforsamlinga, i 1916 fleirtalet.

Men sidan Finland ikkje var eit parlamentarisk demokrati, men underlagt tsaren, der samansetninga av regjeringa ikkje fylgde fleirtalet i folkerepresentasjonen, kom sosialistane ingen veg. Sosialistane møtte massiv motstand frå dei borgarlege då dei freista løysa det brennbare sosiale problemet med dei jordlause.

Denne avmakta gjorde sosialistane vonbrotne og la grunnen til sterke antiparlamentariske straumdrag. Legg så til gløden frå Lenins statskupp i 1917 og det faktumet at dei finske borgarlege ikkje hadde eigen valdsmakt, då hæren låg under Russland, så er det lettare å skjøna at dei raude såg på maktvakuumet som ein historisk sjanse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement