Musikk
Klarar du to, klarar du tre
Meir er mindre når Jeff Tweedy nær doblar solokarrieren sin med éi utgjeving.
For dei som ikkje synest éin Jeff Tweedy er nok: Her er tre – i høve trippelutgjevinga.
Foto: Shervin Lainez
Det finst mange historier om Wilco, Chicago-bandet som ein gong vart kalla Amerikas Radiohead, utan at nokon av banda skjøner kvifor. Her er ei av dei beste: Då dei, passe ukjende, var ferdige med albumet Yankee Hotel Foxtrot, ville ikkje plateselskapet Reprise ha det. Etter ein del kjekling fekk Wilco ta med seg innspelinga. Gratis.
Få månader seinare selde Wilco det til plateselskapet Nonesuch. Det finurlege er at både Reprise og Nonesuch er delar av Warner Brothers-konsernet. Slik betalte Warner dobbelt for eitt album.
Heldigvis for Nonesuch vart det den største salssuksessen til Wilco nokosinne, og det gjorde at sekstetten fekk ture fram som dei sjølve ville etterpå. Seinare har dei difor fått lage ting som albumet Wilco (The Album) med songen «Wilco (The Song)», albumet Schmilco og albumet Star Wars – som ikkje hadde Darth Vader, men ein katt på omslaget.
Knusktørr humor
Dette er styrt av den knusktørre humoren og røysta til vokalist og låtskrivar Jeff Tweedy. Ei røyst som kan minne om både Lou Reed og Neil Young – lett mumlande, med ein sår og skakk vreng. Like delar fint og vrangt.
Dei som har reist både hit og dit for å sjå bandet live, har ofte opplevd ein passe mutt og sur frontfigur, som likevel leverer ei perlerad av songar. I nyhendebrevet sitt er Tweedy derimot hjarteleg, festleg og reflektert. Det er også der han har fortalt mest om det femte soloalbumet sitt – som altså ikkje er éi plate, men tre. Tretti songar, like mange som på The Beatles’ omstridde «The White Album», på nesten to timar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.