Film
Kjem til kort frå kort til lang
Regissør Jørn Utkilen hadde trunge sjumilsstøvlar når han no tek steget frå kortfilm til langfilm.
Scene frå ein slags postapokalyptisk campingplass.Scene frå ein slags postapokalyptisk campingplass.
Foto frå filmenFoto frå filmen
Komedie
I eit slags postapokalyptisk campingvogngruvesamfunn midt i skogen bur ein haug med menn med moped. Så ein dag kjem ein svartkledd skikkelse og folk med raude parykkar, og det heile går mot nok ein undergang.
Skranglete
«Vann over ild er en komisk eventyr-western med sterke politiske undertoner og et absurd og satirisk blikk på tiden vi lever i», står det på Filmweb-sidene. På heilt vanleg norsk betyr dette: poenglaust tull forkledd som kunstkomedie. I starten går fire menn syngande langs eit tjørn ikledd overdimensjonerte cowboyhattar medan dei syng ein monoton låt akkompagnert av ei stortromme. Scena er sett, filmen er sett. I løpet av to minutt skjønar me at her skal det vera rare, uforståelege ting og helst skal me le av absurditetane. Men eg ler ikkje, veit du. Eg kjedar meg. I den grad filmen har formildande omstende, ligg det i foto og klipp (kudos til høvesvis Martin Radich og Colin Monie). Filmmusikken er komponert av den tyske teknoflinkisen Schneider TM (alias Dirk Dresselhaus), men det som veg tyngst musikalsk, er strengt talt den trønderske kultartisten Arvid Sletta, ein mann som regissør Utkilen tidlegare har dokumentert i kortfilmen Statement too (2016). Desse skeive låtane framførte a cappella skranglar i veg og kler resten av universet.
Middelmenn
Alt frå starten er det klart at dette er ein film som er meint for filmfestivalar, ikkje brei distribusjon. Det minner om noko eg har sett før: ein dæsj Aki Kaurismäki og Leningrad Cowboys, ein splæsj Emir Kusturica og Sort katt, hvit katt (1989) – skeive kultklassikarar og gode inspirasjonskjelder om ein vil samanlikna. Men Vann over ild verkar berre eksentrisk for eksentrisiteten si skuld og toler samanlikninga dårleg. Eg veit kva det minner meg mest av alt om: skulefilmen eg og tre kameratar lagde i engelsken andreåret på gymnaset. Ingen film, verken langt eller kort format, bør minna om den. Så då er spørsmålet: Har filmskaparane nådd målet om me synest det er tullete nok? Og syntest dei det måtte nitti minuttar til for verkeleg å yta manuset rettferd?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.