Bok
Kjeldene spring som blomar
Vene, lærde og krevjande dikt å lese – Kjartan Hatløy gjer det fjernaste til det nærmaste i dikta sine.
Kjartan Hatløy har skrive ei lang rekkje diktsamlingar.
Foto: Oddleiv Apneseth
Kjartan Hatløys nyaste diktbok Mot kaos auser av det rike kjeldetilfanget frå det gamle Egypt. Her møter ein til dømes Nilen, Osiris, skrivarguden Toth, mumiar og steinskulpturar på lik line med Ytre Sogn, grenda Salbu og den gulbrune endemorenen der kyrkjegarden i heimbygda ligg.
Alt er skrive fram i eit særeige poetisk språk, med djup innsikt og fortruleg med den gammalegyptiske verda. I høgste grad byggjer det på ei innlevande forståing av kjeldene som framleis er opne, og som det spring friskt frå. Kjeldene er bøker, museumsbesøk, steinskulpturar, mumiar, pyramide- og kistetekstar og samlinga av gravtekster som både går under tittelen Daudeboka og Formlar for å gå ut med dagen.
Eit varsku
Ein lesar kan leggje merke til det vesle ordet om i undertittelen, eit slikt om finn ein ofte i kunnskapstekstar, og dikta til Hatløy bryt i grenselandet mellom det lyriske og essayistiske, i tillegg rommar diktboka ei poetisk tenking som bevegar seg frå livet til døden, frå det individuelle til det politiske nivået. Diktboka kan lesast som eit varsku til dagens herskarar.
Ramma for dikta i Mot kaos er at det lyriske eget vandrar på vegar i heimbygda som snor og slynger seg liksom elva Nilen gjer gjennom landskapet i Egypt. Vandringa går både attover og framover, mot døden og mot lyset. Og det lyriske eget kan gjere eit stopp ved eit grindbygg det har sett opp, og grunde på svalene som flytte inn der, og «svalene, ja/ no ikring Nilen, desse, svevar forbi papyrussøylene». Vandringa følgjer solas gang, slik underteikna i hovudsak forstår hovuddramaet i den gammalegyptiske mytologien: Solguden Ra vandrar kvar dag frå aust til vest og møter kaosslangen Apofis, som kvar natt freistar sluke og gjere ende på Ra.
Det er vene, lærde og krevjande dikt å lese. Ikkje berre fordi ein treng kunnskapar, men sjølve gjenstanden ein les om hos Hatløy og i kjeldene han siterer frå, er så mangfaldig, trer fram med ulike aspekt, skiftande andlet. På same tid finst både einskap og splitting. Fleirtydig, stadig i rørsle, men difor også så livfullt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.