Film

Kjekk o-fagstime

Livet på landet er både meditativ og informativ på same tid.

Filmen om vesle Chuang (Shang Wang), her med oldemor (Zhang Yanrong), vann Sølvbjørnen for beste regi i Berlin i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Me er i Kina, i ein distriktsprovins i 1991, og vesle Chuang (Wang) lever saman med slektningar medan foreldra har teke seg fabrikkjobb sørpå.

Nærast knytt er han til tanta Xiuying (Zhang) og oldemora (Yanrong), men som det var på den tida – oppdraginga er heile landsbyen med på.

Kor er hammaren, Chuang?

1990-talet er både langt tilbake i tid og berre ein augeblink sidan. Kina var framleis umoderne og gamaldags og med eit sterkt regime. Eittbarnspolitikken hadde vore innført i over eit tiår, og over det kommunale høgtalaranlegget i den vesle landsbyen kjem formaningar om å oppsøka kontoret for familieplanlegging. «Partiet er bra», messar bøndene ute på markene, der dei kjenner på teknologiske framsteg som plog og traktor.

I starten av Livet på landet knatrar det i kinaputtar, og alle går rundt i kvite huer, som det viser seg er opptakten til eit sterkt sørgjeforløp i samband med at bestemor til Chuang er død. Det er ikkje heilt enkelt å manøvrera i slektsbanda, men så er ikkje direkte blodliner alltid det viktigaste i dette samfunnet.

Og det er eit herleg rollegalleri her: den einslege, barnlause onkelen, tanta som strittar imot å bli gifta bort, den hauggamle oldemora som nyt stor respekt, den overarbeidde grandtanta som i frustrasjon denger den psykisk funksjonshemma sonen, og så vesle Chuang, som ein roleg, jordnær tråd gjennom heile filmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement