Film

Kjedeleg

Kva ord er eigentleg meir dekkande for ein pynteleg, søvndyssande, uoriginal film?

Colin Firth og Stanley Tucci spelar høvesvis Sam og Tusker som reiser attende til gamle tomter.
Colin Firth og Stanley Tucci spelar høvesvis Sam og Tusker som reiser attende til gamle tomter.
Publisert

Sam (Firth) og Tusker (Tucci) reiser på den britiske landevegen i bubilen og oppsøkjer stader dei var på i starten av det lange forholdet sitt. Men noko er svært endra: Tusker er i ferd med å utvikla demens.

Alderdommen

Det har ikkje skorta på filmar som tek for seg alderdom og demens dei siste par åra, noko som heldigvis betyr at tema som mange tidlegare skydde av frykt for at publikum ikkje var interessert, no er nærast for moteriktig å rekna.

Tenk berre The Father (2020) med Anthony Hopkins i rolla som demensramma, ei rolle han fekk ein velfortent Oscar for. Eller fjorårsfavoritten min, Oss to, om to franske kvinner og det skjulte forholdet deira, og kva som skjer når den eine vert ramma av slag.

Ingen har vondt av å tenka gjennom desse tinga, og som dei nemnde titlane viser: Det kan verta filmkunst av det attpåtil. Faren er jo at dess fleire tematisk like filmar ein ser, dess meir må det til for at ein føler at noko nytt vert tilført. Og der har du Supernova – som eit halvengasjert forsøk på å framkalla kjensler, mens resultatet er at eg blir meir døsig enn rørt.

Pensøvnig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement