Kjærleik i ei trugande tid
Cabaret er godt, polarisert teater for ei polarisert tid.
At Glenn André Kaada innleier teatersjefsperioden sin med ein 50 år gammal klassikar, er på sin plass, skriv Jan H. Landro.
Foto: Grethe Nygaard
Cabaret er ein musikal som aldri blir uaktuell så lenge ekstreme høgrekrefter marsjerer og jødehat florerer. Uttrykka det tek seg, kan vere annleis, men teikna i tida er attkjennande.
Derfor er det dessverre heilt på sin plass at Glenn André Kaada innleier teatersjefsperioden på Rogaland Teater med denne 50 år gamle klassikaren. Samstundes får han dokumentert at teateret i Stavanger stadig held kvalitetsfana høgt.
Dei harde trettiåra
Musikalen tek oss med til Berlin tidleg i 30-åra, ei tid då utviklinga kunne vippe fleire vegar – inntil Hitler kuppa makta. Her er det laussleppte, dekadente livet i og kring nattklubben Kit Kat sett opp mot eit daglegliv der stadig fleire må kjempe for tilværet. På Kit Kat er engelske Sally Bowles (Mareike Wang) stjerna, ho ser nok føre seg ei lysande framtid som dansarinne i den tyske hovudstaden, og er heilt utan tanke for det som skjer kring henne.
Til byen kjem den amerikanske forfattaren Clifford Bradshaw (Gunnar Eiriksson) og får seg husvære hos frøken Schneider (Marianne Holter). Hos henne losjerer også den jødiske frukthandlaren Schultz (Even Stormoen), som har eit godt auge til husverten. Det blir romantikk og ekteskapsplanar for både Sally og Clifford og frøken Schneider og frukthandlaren.
Men så er det at utilslørte nazitrugsmål snur opp ned på både den eine og den andre idyllen, og gjer det nødvendig å ta stilling. Då er det ikkje lenger råd å seie at politikk berre er noko som angår dei andre. No må kvar og ein ta stilling, og det gir seg høgst ulike utslag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.