Film
Kjærleikens traktorreiser
Odel, frustrasjon og attrå er ingrediensar i finfine God’s Own Country.
Bondeguten Johnny (O’Connor) får meir enn arbeidshjelp i den rumenske drengen Georghe (Secareanu).
Foto: Another World Entertainment Norway AS
På ein nedsliten gard i Yorkshire slit Johnny (O’Connor) med å balansera det harde arbeidet heime med konfliktar med faren (Hart) og bestemora (Jones). Når rumenske Georghe (Secareanu) kjem for å hjelpa til med lemminga, vert det ikkje mindre turbulent i sjelelivet til Johnny.
To flotte, unge karar høgt til fjells for å passa på buskapen medan dei mest av alt har lyst å ha seg med kvarandre – det er klart ein må samanlikna med meisterverket til Ang Lee, Brokeback Mountain (2005). Og jamføringa tolest godt, heldigvis. Berre at God’s Own Country er hakket meir upolert og gjev eit klarare bilete av dagens situasjon. Der Brokeback Mountain måtte lena seg på retrospektet for ikkje å verta for røyndomsnær for ømfintlege amerikanarar, går den britiske sosialrealismen rett på sak. Også problemstillingane er nyanserte – skam og fordommar finst overalt, men sjølv på landsbygda er ikkje homofili eit ukjent fenomen lenger. Odelsplikt og sauehald er langt viktigare for å overleva enn kven ein vel å overleva med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.