Teater

Kjærleik i kamp

Kim F er eit leikent stykke om ei kvinne med tru på seg sjølv.

Linn Løvvik spelar hovudrolla som Karen-Christine Friele.
Linn Løvvik spelar hovudrolla som Karen-Christine Friele.
Publisert

«Kjærlighet» er ordet som står skrive med lysande bokstavar i scenografien, «kjærlighet» er det siste ordet Kim F seier i framsyninga, og kjærleikens siger er det heilt sentrale temaet i dette nyskrivne stykket. Men det er også historia om eit eksepsjonelt liv, der lesbisk kjærleik og homofil kamp blir vovne saman i ein fin heilskap som mellom anna gir oss ein historieleksjon om ei fortid som ligg underleg nær, og som dessverre framleis har sterk relevans. Framsyninga stoppar opp ved alle dei viktige kampane og viktige sigrane som har gjort Kim Friele til eit ikon, ikkje berre for dei homofile, men òg for menneskeverdet.

Dette stykket fekk ein trong fødsel då dramatikar Toril Solvang for to månader sidan blei pressa ut av prosjektet etter kunstnarleg usemje med regissør Holsen. Så tok Holsen sjølv over, i samarbeid med Marius Leknes Snekkevåg. Men framsyninga ber ikkje preg av å vere eit hastverksprodukt.

Kronologisk

Stykket følgjer Karen Christine Frieles liv kronologisk, men gjer det i kjappe scenar utan å dvele for lenge ved noko av alt det som pregar dette livsløpet. I korte glimt blir vi kjende med hovudpersonen, frå ho som lita kyssar ei anna jente på munnen og blir formana om at slikt gjer ein ikkje. Det er ei opprørsk og rettferdssøkjande, ung kvinne som i Linn Løvviks skikkelse står fram på scenen. Ei kvinne med klare meiningar og mot til å seie det ho meiner, same kva.

Om Kim F på noko tidspunkt var i tvil om si eiga legning og kva som var rett å gjere, har ikkje det plass i denne framsyninga. Kanskje tvilte ho heller ikkje (sjølv om ho først gifta seg med ein mann), for alt tidleg gir ho slagferdig og uredd uttrykk for haldningar som ein helst skulle teie om. Som at det burde vere straffbart å ikkje ha sex før ekteskapet. Og ho kunne vere grov og direkte i karakteristikkane av andre. Etter det første møtet kalla ho stortingsrepresentant Wenche Lowzow (Anna Dworak), som blei den store kjærleiken hennar, for eit reaksjonært, motbydeleg kvinnfolk.

Enkle, talande scener

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement