Kunst
Kan du bli ein kunstsamlar?
København inviterer kvar haust til heile to store kunstmesser, og besøkjande kjem med svært ulik agenda.
QB Gallerys stand på Enter Art Fair, med verk av Bjørn Båsen, Hanne Friis, Hanna Hansdotter og Nellie Jonsson.
Foto: Ådne Thomassen
Enter Art
Fair kallar seg størst, og Chart Art Fair kallar seg førande. Dei to vekslar
mellom konkurranse og samarbeid, og til saman skaper dei ein kunsthappening av
dimensjonar.
Chart
blei etablert av fem sentrale København-galleri i 2013. Etter å ha delteke på
kunstmesser over heile verda og sett kvaliteten hos dei andre nordiske
galleria, ville dei rette merksemda til den internasjonale kunstverda mot
København.
Dette har Chart i stor grad lukkast med. 36 galleri med base i
Norden har kvar sine tildelte kubikkmeter i historiske rom på Charlottenborg slott. Galleria får vist fram verk av kunstnarane sine i tillegg til å
pleie kontakten med samlarar og andre galleri. Her
kan du sjå og bli sett, mingle, eller kanskje slå til med ei
investering.
Men politisk engasjement må du leite lenge etter.
Demystifisering
Chart Art
Fair presenterer seg som eksklusive, men mjukar det heile litt opp med å leggje til
rette for dei som kanskje aldri har kjøpt eit kunstverk – endå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.