Film
Juliette Binoche solar seg i glansen av blikket frå det uvanlege kameratalentet Jonathan Ricquebourg.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel
Den kulinariske klassen
Maten ser så bra ut at romantikk berre forstyrrar.
Dodin (Magimel) blir kalla kokkekunstens Napoleon i 1885. Over grytene er det Eugénie (Binoche) som sveittar mest saman med assistenten Violette (Bellugi). Dodin går rundt og luktar.
Når maten er klar, har han fire andre menn frå fransk overklasse til bords. Dei fem nyt makelaus mat og drikke medan dei deler meiningar, historier og fjonge sitat. Berre éin ting manglar for Dodin: at kokka òg blir kona.
Mat i stilen
Vietnamesiske Tran Anh Hùng kom til Frankrike som tolvåring i 1975. Dei tre første filmane hans var stilistisk glitrande filmar frå fødelandet. Debuten Duften av grønn papaya om morgenen frå 1993 vitna om ein matnerd som datt i gryta som barn. Cyclo (1995) og Når solen står som høyest (2000) styrkte biletet av ein særeigen og kompromisslaus regissør. Sidan forsvann han litt frå fronten av filmkunsten, sjølv om filmatiseringa av Norwegian Wood (2010) er grei. Pot-au-feu – Veien til hjertet er ein revansje der han er tilbake på kjøkkenet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.