Bok

Jetlagmonolog frå den sjølvtilfredse

Anne Oterholm syner stort repertoar i ein overtydande tekst.

Anne Oterholm har skrive ei rekkje romanar og er professor i skapande skriving.
Publisert Sist oppdatert

Å vera god er sjeldan det same som å gjera det godt. Stundom representerer dei to stodene motpolar, og suksess er ikkje audmjukande.

I den nye romanen til Anne Oterholm, Avdrift, er lesaren inne i hovudet på ein nordmann som har gjort amerikanar av seg, Ståle, som har endra namnet til Steve, og dei to harde namna høver godt med måten han tenkjer på, etter å ha gjort karriere i USA.

Han er just attende i Austin i Texas etter ei vitjing i Oslo. Han får ikkje sova, tankane sviv om det eine og andre, der han ligg med jetlag i dobbelsenga der ektefellen Amelia vantar, av di det kom til eit brot mellom dei to, noko han Ståle/Steve er glad for. Han og Amelia har to døtrer som no er vaksne, Tracy, som refererer alt i livet til Jesus og Bibelen, og Gail, som liknar faren i det indre og mora i det ytre. Innimellom er han i kontakt med ein kjenning i Oslo, Erik, som tydelegvis er forelska i tvillingsystera si, Eva, men som ikkje heilt forstår det sjølv.

Fridom

Det er ein eigenarta fridom i denne teksten, og det kjem av at han er så munnleg og direkte. Steve assosierer fritt og med meiningar om mangt, og han gjer det utan nemnande empati. Han er ein framifrå forteljar der inne i hovudet sitt, og romanen slår meg som veldig amerikansk i språkføringa. Dessutan er det mange innslag av engelsk, og dei glir saumlaust inn i tekstmassen, som er skriven med stor virtuositet. Ein trur på at Steve har levd lenge i USA, her finn ein aldri oppramsing av element som skal overtyda lesaren, koloritten kjem heilt naturleg. Steve tvilar på si side ikkje på at det han observerer, er rett, han har gjort seg opp bastante meiningar og er neppe til å rikka.

Oterholm syner eit stort repertoar i denne romanen, ho tek alt på strak arm og språket er føyeleg, det ser så leikande lett ut, og truleg kunne romanen ha halde fram i det uendelege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement