Bok

IQ har noko å seia

Robert McNamara og Lyndon B. Johnson sende 350.000 soldatar med låg IQ til Vietnam. Det gjekk dårleg.

Publisert

I august i 1968 byrja ein soldat «ein grotesk spøk som gjekk over fleire dagar» i militærleiren First Base Nancy i Vietnam, fortel troppssjef Robert Nylen i McNamara’s Folly. The Use of Low-IQ Troops in the Vietnam War plus the Induction of Unfit Men, Criminals, and Misfits. «Han var meinig i McNamaras ’pust og du er inne’-hær.» Det vil seia at soldaten hadde ein IQ på mellom 72 og 91, kanskje til og med lågare. Soldaten trekte ut splinten av ein granat og trilla han inn mellom andre soldatar, som fekk panikk og stupte til alle sider. Soldaten lo og fortalte at han hadde desarmert granaten. Han vart prylt av medsoldatane. Men han heldt fram og fekk meir pryl. Til slutt gjekk dei andre soldatane lei og ignorerte denne «McNamara’s moron» (idiot) og granaten han støtt kasta inn. Ein dag gløymde soldaten å desarmera granaten. To medsoldatar som hadde halde fram med å spela kort, døydde, fleire vart såra.

Soldaten var tilsynelatande heldig. Troppssjef Nylen fekk hindra at han vart sendt attende til USA og fengsel i ti år. Nylen gjorde soldaten til spissmann, det vil seia at han alltid gjekk fyrst i troppen, den farlegaste jobben i den amerikanske hæren i Vietnam. Andre soldatar med like låg IQ, og som så altfor ofte hadde det med å gjera dumme og livsfarlege ting, pla ofte berre forsvinne eller døy av «venleg eld». Ja, slike sjølvtekter var moralsk forkasteleg, men å senda personar med låg IQ ut i direkte krig var noko USA ikkje hadde gjort før, og det av gode grunner. Det var for farleg for alle partar.

Nok å taka av

Hamilton Gregory, som døydde for nokre månader sidan, var ein Vietnam-veteran, journalist og collegelærar som nytta mykje av tida etter at han kom heim frå Vietnam, på å dokumentera og fortelja om eit prosjekt som eg ikkje var klar over, nemleg at USA i ei utruleg grad sende menn med altfor dårlege kognitive evner til Vietnam, og det nær sagt utan grunn.

For var det noko USA ikkje mangla medan Vietnam-krigen gjekk føre seg, var det unge menn. Som i Europa fekk nemleg kvinnene i USA særs mange born i etterkrigsåra. Problemet var berre at borna ofte gjorde det godt. Velstanden i USA gjekk rett opp, og med det også talet på studentar som pla få utsett militærteneste. I tillegg bygde USA opp ein stor reservehær og eit heimevern, og stort sett alle som deltok i desse, slapp å fara til Vietnam, sidan dei «alt hadde tenestegjort». Og om det var slik at du hadde foreldre som kjende ein lækjar, vel, så gav denne lækjaren, særleg om han var mot krig, ein attest på at du ikkje hadde helse til å tene i Vietnam.

Men det var ingenting i det amerikanske lovverket som sa at dei som studerte eller var i heimevernet, ikkje kunne sendast til Vietnam. Men dei var ressurssterke, og dei hadde ressurssterke mødrer. Vart ein son kalla inn, byrja breva til den lokale kongressmannen eller senatoren å renna inn. Difor fann den svært så intelligente og liberale Lyndon B. Johnson ut at noko måtte gjerast då han trong endå fleire menn, og det som måtte gjerast, gjorde den endå meir liberale og intelligente Robert McNamara mogleg i Project 100.000: McNamara lova Johnson å skaffa 100.000 nye soldatar å senda til Vietnam, deretter 100.000 til og deretter 100.000 til. Til saman 354.000 personar med ein så låg IQ at dei ikkje hadde kvalifisert seg til nokon normal hær i Nato, vart sende til Vietnam. Og av dei i gruppa som vart sende, var mange svarte og kvite rednecks frå Sørstatane og Appalachane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement