Teater

Interaktiv eventyrjakt

Verkemidla er enkle, men effekten blir god.

Publisert

Nok ein gong ser vi at det heilt enkle kan skape godt teater, i dette tilfellet barneteater som også talar til eit vakse publikum. For historia Hilde Stensland og Camilla Johannessen Dahl fortel, er enkel. Men dei to gjer framsyninga morosam, leiken og oppfinnsam.

To omstreifarar kjem vandrande og får lyst til å lese frå ei gammal eventyrbok dei ber med seg. Men så syner det seg at eventyret er forsvunne, sidene i boka er blanke. Eit ekte mysterium, altså. Då dei to gjev seg til å leite etter eventyret, med hjelp frå borna i salen, dukkar det opp igjen, bit for bit, på eit vis som får ungane til å tru at dei er med på å forme eventyret. Det er medskaping og tovegs kommunikasjon på høgt nivå, heilt utan elektroniske hjelpemiddel.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel