Bok

Inga kvinne er ei øy

Linda Skomakerstuen er ein underhaldningsmeister, men det kan bli i overkant rosenraudt på slutten.

Linda Skomakerstuen har skrive endå ein feelgood-krim.
Linda Skomakerstuen har skrive endå ein feelgood-krim.
Publisert

Vilma er 34 år og bur heime på jenterommet hos foreldra etter eit havarert sambuarskap. Ho arbeider på ein hagemøbelfabrikk som ingen er særleg opptatt av å bestille noko frå, derav tittelen Uten innkommende ordre. Det meste står stille. Men når ho på ein fest inngår eit veddemål og må bu i telt på ei øy i seks veker, byrjar ting å skje.

Då debutromanen Uten vesentlige feil eller mangler kom i 2017, viste Linda Skomakerstuen seg som ein forfattar med sans for det hendingsrike. Som debutboka er også årets bok ein slags feelgoodkrim, der både eitt og fleire mysterium dannar bakgrunnen for ei actionmetta handling. Ikkje at det ligg til rette for all verdas dramatikk på vesle Stangholmen utanfor Risør, der Vilma slår opp teltet sitt. Men det held at ein mann med ei dotter plutseleg kjem og skal opne restauranten for sommaren, at noko har skjedd i fortida, og at det er Linda Skomakerstuen som skriv boka.

Trass i at nokon har forsynt seg grådig av det gode ho hadde i livet, er Vilma er ein likandes karakter, som både manglar impulskontroll og angrar djupt når denne mangelen går utover andre. Det går med andre ord litt opp og ned med Vilma. Dei andre karakterane, som mor, far og farfar, og dei som er knytte til restauranten på Stangholmen, er alle snurrige og originale. Dette klassiske typegalleriet er ein av faktorane som gjer romanen underhaldande, men personane blir aldri plakatar. Dei er kjøt og blod og skjebnar.

Ei danningsreise

Det er i grunnen lite ein kan seie om handlinga utan å røpe for mykje, men det kan nemnast at det skjer mystiske ting på andre sida av fjorden, og kanskje har det samanheng med den uadresserte konvolutten som Vilma ein dag fann i postkassa, og som inneheldt smykket til tvillingssøster til mor hennar – tvillingsøstera som forsvann for femti år sidan.

Forfattaren er ikkje like full av vittige replikkar som i debutboka, men ho har framleis nokre fine, treffande bilde: «Jeg legger handa mi over farfars, det er som å holde i en pose med klesklyper.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement