Bok

Inga føling i fjæra

Øyehaug imponerer med det originale språkuniverset sitt.

Olav R. Øyehaug har gjeve ut bøker i kategorien forteljingar sidan debuten i 2008. I haust kom den første romanen.
Olav R. Øyehaug har gjeve ut bøker i kategorien forteljingar sidan debuten i 2008. I haust kom den første romanen.
Publisert Sist oppdatert

Så har også diabetikarane fått si bok. Det vil seie: Vi har alle fått diabetikarens bok. Ein mann vaknar i ei sjukehusseng etter sterk føling, og lett desorientert helsar han på ein sjukepleier han trur heiter Tansport. I ein draum, eller i ørska, har han kjent ei stor hand over seg ved eit stup på fjellet. Etter kvart legg han ut på ei ferd saman med ein naken mann for å stele insulin. Dei hamnar mellom anna i Afrika.

ØR i språksenteret

Frå dette forunderlege utgangspunktet blir det berre rarare og rarare, og det på kosteleg vis. Vi er i ei ubestemt framtid, utover det er det uråd å vite kvar vi skal, om vi er i ei draumeverd eller i koma, eller om vi skal forstå noko av dette som skjer som bilde på røyndomen. Men teksten er open nok til at vi kan avgjere det sjølve. Heilt sidan eg las opningssetninga i Olav Øyehaugs debutbok Kodane, «Ein morgon vaknar universet og føler seg nedtrykt», har eg hatt stor sans for korleis denne forfattaren er skrudd saman.

I årets roman Stupet og handa får vi høyre at «Selleri er den tenkande manns rabarbra». Ein kan bli sittande ei stund og grunne over den påstanden. Og ein kan humre over setninga: «Inne på eit kontor sit han og klappar ein augestikkar eg ikkje dreg kjensel på.» Hjernen får òg litt å arbeide med i utsegner som: «Han snakkar sånn raskt som ein gjer når ein skal forklare ein slaktegris alt om livet», og «Det er ein gruvsamt grov og hakkete barokk plan».

Ein kan bli svimmel i språksenteret og førestillingsevna av Øyehaugs språk. Som i oppløfta. Han smir setningane og bygger opp universet slik at vi sit med kjensla av at vi er blitt serverte litteratur, ikkje ein filmatisk avart av sjangeren der vi skal leve oss inn i ei 1:1-verd. Samstundes er romanen på ingen måte utilgjengeleg eller ekskluderande. Ein må berre velje å vere med på karusellen. Hoppar ein ikkje på den, kan ein nok bli ståande på utsida og myse lett forvirra mot den snurrige innretninga.

Forfattar og tastatur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement