Film

Ikkje ni liv laga

Av og til kan oppfølgjarar fungera som ei kule, men berre av og til.

Pusen med støvlar er tilbake på film etter elleve år.
Pusen med støvlar er tilbake på film etter elleve år.
Publisert

Det viser seg at Pusen har brukt opp åtte av liva sine, og for å redda seg sjølv må han finna den magiske ynskestjerna. Men han er ikkje åleine på jakta – tett i hælane følgjer Gullhår og dei tre bjørnane, vesle Jack Horner, Kitty Silkepote og ikkje minst: døden sjølv.

Eventyret

Det var ein gong eit italiensk eventyr om ein katt med støvlar, og snipp snapp snute så vart det milliongeskjeft for Netflix og Dreamworks tre hundre år seinare. Katten fekk sitt velfortente comeback i 2004, då Puss in Boots dukka opp som sidekarakter i Shrek 2. Eg hugsar at eg heldt på å le meg i hel då han sperra augo opp og lagde søtefjes. Det var eg ikkje åleine om, og det måtte nesten koma ein eigen film.

Stemma til Antonio Banderas gjorde også sitt for gje personlegdom og pondus til den Zorro-aktige kattepusen. Kinofilmen Pus med støvler (2011) var ein suksess, så då måtte det bli TV-serie i ørten delar (2015–2018), men endå var det ikkje tomt i katteskåla, viste det seg. Eller var det det?

Ideen med dei ni liva er god, og ein så sjarmerande karakter som Puss in Boots toler gjensyn. Men ein merkar at produsentane har skrapa godt for å få med seg siste restane. Eg blir nesten skuffa då dei oppsperra søteaugo nok ein gong gjer entré, rett nok med ein ganske artig vri som inkluderer ein skabbete, snill chihuahua.

Vaksenkatt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement