Bok

Ikkje nett eit fotoalbum for heile Noreg

For mange kan bileta i Norges fotoalbum vekkja minne og tilfredsstilla naturleg nostalgi.

Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden trålar kysten med fiskeskøyter sommaren 1972.
Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden trålar kysten med fiskeskøyter sommaren 1972.
Publisert

Forlag påstod før at dei dreiv med både børs og katedral. Denne utgjevinga til Font forlag, no ein del av Cappelen Damm, gjev eit førsteinntrykk av å vera katedral: Norges fotoalbum i tolv store kaffibordband tek føre seg kvart tiår frå år 1900 til i dag. Og lik dei gamle katedralane vil det ta si tid før det heile er fullført: I år kjem dei første to banda som dekkjer 1930-talet og 1970-talet. Med to band i året vil utgjevingane ikkje vera over før i 2022.

Inntrykket mitt er likevel at dette mest er ei børsutgjeving. Forlaget annonserer då også at dette er «Perfekte gavebøker til jul og fødselsdager». Ein treng ikkje å vera kynikar for å førestilla seg kalkulasjonane i forlagsredaksjonen: Dersom ein gåvemottakar reagerer slik mottakarar av Hvem Hva Hvor ofte gjer, og får lyst til å komplettere bokhylla med dei kommande banda, vil det gjeva gode inntekter frå dei 4548 norske kronene dette vil kosta.

Åtte hovudbolkar

Forlaget har laga åtte hovudbolkar i kvar bok og late ein kjend person skriva ei stutt innleiing (halv side) til kvar bolk: «Kultur» (Hege Duckert), «Samfunn og media» (Terje Svabø), «Tiårets person» (Knut Olav Åmås), «Tiårets fotografi» (Ken Opprann), «Arkitektur og design» (Karianne Bjellås Gilje), «Politikk» (Hege Ulstein), «Idrett» (Atle Nielsen), «Økonomi og næringsliv» (Einar Lie) ... Det skulle dekkja det meste.

Dessutan har boka ein hovudinnleiar for kvart tiår: Kåre Willoch for 30-talet, Eva Bratholm for 70-talet. Utvalet av foto er det derimot ein eigen redaksjon som står for, utan at det vert sagt noko om i kva mon bolkinnleiarane har hatt innverknad på utveljinga. Bakarst finn vi litt statistikk for tiåret.

Alt her kan ein stilla kritiske spørsmål. Korleis kan det vera mogeleg å seia noko meiningsfullt om kvar av bolkane på ei halv side? Og om heile tiåret på to og ei halv? Svaret er vel at det slett ikkje skal seiast noko meiningsfullt, men berre gjevast seremonielle kjendisopningar for fotokavalkadane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement