Helsepolitikk
Den politiserte ventetida
Regjeringa har brukt milliardar på å korte ned ventetidene for å få helsehjelp ved norske sjukehus, men legane er ikkje overtydde om helseeffekten.
Den gjennomsnittlege ventetida for å få helsehjelp ved norske sjukehus var i mai på 66 dagar. Fredag publiserer Folkehelseinstituttet oppdaterte tal.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Statistikk kan brukast til så mykje, og i den politiske debatten om helsekøar vert det brukt for alt det er verdt.
Det gjekk ikkje mange månadene frå helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i mai i fjor gav sjukehusa 2 milliardar kroner ekstra og lova at ventetidene for planlagd helsehjelp skulle kortast ned, til Høgre kalla lovnaden «feilslått politikk» og kunne syne til ventetider som i sum heldt fram med å auke. Vestre kunne på si side svare med at talet på personar som venta på helsehjelp, hadde gått ned jamført med same tid året før.
Gjennom vinteren og våren har både Høgre og Frp så fortalt om sjukehus og helseføretak der statistikken kan brukast til å peike på at ventetidene har auka, medan Arbeidarpartiet har sola seg i glansen av at det finst tal som kan syne nedgang i ventetida. Og dei siste månadene inn mot stortingsvalet har debatten spissa seg endå meir til.
No ligg den gjennomsnittlege ventetida på landsbasis nemleg under nivået frå mai i fjor, og helseministeren har i sommar vore landet rundt på sjukehusbesøk og skrytt av at «trenden er snudd», medan Høgre har omtalt nedgangen som eit skippertak regjeringa har tydd til for å betre ventetidstala før valet.
Og det stemmer nok, alt dette, kvart på sitt vis, men samstundes er det lite av det som gjev eit godt bilete av den faktiske ventetida for pasientane.
Statistikkbruken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.