Kommentar

Den moralske pengemakta

Kva kan oljefondet oppnå ved å selje aksjar i israelske selskap?

Oljefond-leiar Nicolai Tangen og nestleiar Trond Grande presenterte halvårsresultat for fondet på tysdag. Israel-investeringane vart eit sentralt tema.
Publisert

Striden om Israel-inves­teringane til Statens pensjonsfond utland, altså oljefondet, går sin gang. Måndag vart det kjent at fondet har kvitta seg med aksjar i 11 av 61 israelske selskap i porteføljen – «på bakgrunn av medvirkning til alvorlige normbrudd knyttet til virksomhet på Vestbredden», som det heitte.

Her skal vi ikkje gå inn i vurderingane av desse selskapa, men sjå på nokre prinsipielle spørsmål. Kvifor skal eigentleg oljefondet bry seg med etikk i det heile? 

Skal ikkje Tangen og gjengen hans berre tene pengar til pensjonen vår?

Mord og moral

Her er det fleire moglege svar. Ein kan ganske enkelt slå fast at det er umoralsk av den norske staten å tene pengar på selskap som bidreg til massemord, folkefordriving og okkupasjon. Dette burde staten, som representerer det norske folket, halde seg for god for.

Ein slik tankegang ser ut til å ligge til grunn for dei etiske retningslinene til oljefondet i dag. Målet er å «unngå at fondet er investert i selskaper som selv er ansvarlige for eller medvirker til grove etiske normbrudd», som det heiter. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement