Ikkje lys og ingen varme
Gro Dahle skriv klaustrofobisk og spennande om å vere straumlaus, vasslaus og rådlaus.
Gro Dahle har fått mange prisar for barnebøkene sine.
Foto: Line Fresti
Kva gjer du når både straumen og vatnet er borte, saman med telefon, radio og internett? Og du ikkje har alternative varmekjelder? Det er vel ikkje godt å seie før ein har prøvd det. I Gro Dahles Dobbel dyne gjer Marie og sonen Eivind sitt beste etter at ein solstorm har sett alt ut av spel.
Marie les høgt, dei leikar stolleiken, blar i atlas. Men etter som vekene går og gradene går mot null inne, og dei heilt slepp opp for mat, hjelper det ikkje ein gong med doble dyner. Dei er på grensa av kva eit menneske kan tole. Butikkar er plyndra, arbeidsplassar stengde, sjukehuset fullt. Det finst ingen stader å gå, inga hjelp å få. Mora til Marie er på Gibraltar, solstormen har sjølvsagt råka der også, men Marie tenker at mora frys i alle fall ikkje.
Skrekkeleg realistisk
I likskap med Didrik Morits Hallstrøms Lysår handlar altså Dahles roman om dei moglege konsekvensane for oss jordbuarar etter ein solstorm. Begge romanane viser fortvilinga over ei gradvis, men katastrofal forverring som ein ikkje kan gjere noko med, berre stå og sjå på. Men der Hallstrøm dreg inn eit element av science fiction, skriv Dahle om den reine kvardagen, og han er så realistisk at det er til å bli galen av. Når realiteten er at ein manglar alt, er sjølvsagt kvardagen eit mareritt.
Romanuniverset er klaustrofobisk, sidan vi berre følgjer Marie og Eivind, og dei i tillegg har kommunikasjonsvanskar. Marie går på nåler og prøver å gjere ting rett, Eivind er inneslutta, av og til gretten. Han har hatt ein psykisk knekk under studietida i Trondheim. Ho reiste og henta han, no er det berre dei to i eit iskaldt hus. Dei prøver å halde arbeidsmoralen oppe, men med vekslande hell.
God psykologisk studie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.