Teater

Ibsen som (heilt) fritt vilt

Går det ikkje å spele Ibsen utan å kødde med han?

Silvia Riegel hadde regien på oppsetjinga av Lille Eyolf på Teater Ibsen i vår.
Silvia Riegel hadde regien på oppsetjinga av Lille Eyolf på Teater Ibsen i vår.
Publisert

Det er lenge sidan fredinga av Henrik Ibsen blei oppheva, og no tek norske og internasjonale regissørar seg til rette som om gamle Henrik er så utsliten og oppbrukt at stykka hans berre kan tene som utgangspunkt for meir eller mindre kreative nyskapingar i Ibsens namn. Slike byr denne hausten på òg, men resultata er så ymse.

Problemet når ein klassikar skal maltrakterast, er at maltraktørane ikkje våger ta steget fullt ut. Eller at dei går så langt at originalen koker bort i kålen. Det gjeld å finne den rette balansen, og det er det ikkje alle oppsetjingane på Ibsenfestivalen som gjer. Ikkje er det så lett å vere konsekvent, heller, viser det seg.

Når Ibsen blir redusert til ei rad påfunn, er det vel berre marknadstenkinga som gjer det nødvendig å halde fast på Ibsen-namnet. For framleis er det slik at Ibsen sel betre enn dei fleste regissørnamn. Så får heller publikum ta det dei får.

Kanskje var det slik ho tenkte, den tyske regissøren Silvia Rieger, som inviterte seg sjølv til Teater Ibsen i Skien for å instruere Lille Eyolf heilt etter sitt eige hovud. Og for eit hovud! Når det blir delt ut øyreproppar ved inngangen, veit du at det er ingen tradisjonell Ibsen som ventar på innsida. Men to timar med skriking og brøling (skal det vere ekspresjonisme?), Rottejomfruen i isbjørnkostyme, stadig roping på rømmegraut (som blir kasta i fjeset på den eine og andre) fekk det meste av opphavet til å drukne i støy og meiningsløyse.

«Kompromisslaus» er blitt eit honnørord i kunstverda. Men kva hjelper det med kompromissløyse når det ikkje synest liggje ein klar tanke til grunn for arbeidet, og alt summerer seg opp til effektar og påfunn? Rieger er det mest ekstreme eksempelet eg har sett på regiteater, der regissøren betyr alt og teksten er noko ho kan gjere som ho vil med.

Kor langt kan ein drive Ibsen før det ikkje blir noko Ibsen igjen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement