Bok
I vindstilla
Romanen til Mads Rage byr på uoversiktlege forhold på fjorden, ikkje utan grunn.
Debutforfattar Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universi-tetet i Bergen.Debutforfattar Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universi-tetet i Bergen.
Foto: Marie SjøvoldFoto: Marie Sjøvold
Roman
Det er ein lang tradisjon for å skildre tilværet, kloden eller menneskeætta som eit skip. Ein kan tenke på Joseph Conrads Lord Jim, Jens Bjørneboes Haiene eller Gaute Heivolls Kongens hjerte. I Mads Rages debutroman Og skipet siglar vidare er vi i ei ubestemt framtid, der mannskapet om bord ikkje ser ut til å vite om noko anna enn verda på skipet. Men dei har høyrt at det i tidlegare tider har vore digre udyr i fjorden, dei har bøker om bord, og dei veit at dei alle til sist skal «fare i blåheimen». Dei har altså både mytologi, kultur og dødsmedvit.
Kunsten overlever
Vi ser ferda og mannskapet gjennom auga til den svabrande dekksguten Poll. Ebba, Vik, Jakk, Alis, doktoren og kapteinen har andre roller, men dei gjer ikkje så mykje utover oppgåva si. Av og til et dei dårleg fisk. Ein etter ein blir dei sjuke, og nokre døyr, sjølv om doktoren stadig kokar medisin. Dei døde blir pakka inn i fiskeskinn, med ei bok sydd inn i fiskeskinnet, og kasta over bord.
Poll oppdagar kista der bøkene ligg, og dei lokkar han. Dei skal ikkje brukast til anna enn reisefølgje til dei som er «farne i blåheimen», men Poll lurer unna ei bok. Han er ikkje lesekyndig, men blir fengsla av dei framande teikna. Dette kan seie noko om kunst eller kultur som overlever gjennom tidene: Poll lærer seg teikna, og mot slutten, då det ikkje står så godt til på skipet, og bøkene i kista er borte, skriv han dei ned igjen på fiskeskinn. Kanskje når bodskapen ei etterslekt, kan ein lesar tenke.
Det retningslause livet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.