Teater

I naturens vald

Jostedalsrypa er ein musikal som ikkje heilt har funne stilen sin.

Reidun Melvær Berge spelar Jostedalsrypa.
Reidun Melvær Berge spelar Jostedalsrypa.
Publisert

Å lage musikal av den mest kjende segna frå Svartedauden er i seg sjølv eit overraskande grep. I tillegg syner det seg at den velkjende delen av legenda om Jostedalsrypa, jenta som åleine skal ha overlevd ein vinter på flukt frå pesten, i denne framsyninga berre er ei utvida rammeforteljing. I sentrum står eit eventyr om korleis jenta klarar seg i samspel og/eller konflikt med dyr som ulv og hjort, hare og lemen. Her speler teksten på kjende eventyr, og framsyninga blir ei blanding av vanleg teater og dokketeater – noko som fungerer godt. Især dei leikne lemena er eit vellukka innslag.

Først blir jenta send til slektningar som bur utanfor folkeskikken, men dei er så karikerte, egoistiske og grådige i maskefjesa at det er vanskeleg å skjøne kva all skriking og negativitet har å gjere i forteljinga.

Jostedalsrypa er ei historie om overleving, om å klare seg og – ikkje minst – om å overvinne redsla for det ukjente, det som blir opplevd som trugande. Men også, i barneteaterstil, om å «omvende» den vonde ulven med godheit og venskap til å bli noko han aldri kan bli. Men konvensjon er konvensjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement